Kyrkjetomta s9k24
I 1763 var det ein stor flaum. Den var verre enn den som var i 1938. Då vart heile terrenget omskapt. Då braut elva seg ned der som me veit vassvegen går no. Garden Møen vart då teken av flaumen.
Segna fortel at eigaren på Møen gav bort kyrkjetomta. Han meinte det var best at kyrkja vart bygd der som det hadde vore "gudshus" tidlegare. Men viss du grev under røysa attmed kyrkja, så finn du den finaste, djupe matjorda. Og det er dei som meiner at det er funne restar etter heidne skikkar på kyrkjegarden.
Språkleg omarbeidd av BB/NTØ
Segna er fortalt av Helje Øverland f. 1928. Nedskriven av Ingebjørg Nordby Seim, Røldal 1999
Kjeldetekst
I 1763 va de ein store flaum, den va værre enn den så va i 1938. Då vart heile terrenget omskapt. Då braut elva sæg ne, der så me veit vassvegjen gjenge no. Garen Møen vart då teken tå flaumen.
Segna fortel at eigaren på Møen ga bort kjørkjetomten. Han meinte det va best at kjørkja vart bygd der så de hadde vore "gudshus" tidligare.
Men viss du greve unde røysa at'me kjørkja, så finn du den finaste, jupe matjorda. Å de e dei så meiner at de e funne restar ette heidenske skikkar på kjørkjegaren.