Husmannsplassen Åbø på Seim s8k24
I skogen der inne på Åbø står det restar etter husmurar. Der var det ein husmann som hadde bruket sitt. Etterat den mannen var død, så gjekk det ei segn om at ein ikkje måtte tenkja på å byggja opp att eller bu der meir, for der var det pest - ei forgifting. Der måtte ingen komma i berøring med murane eller nokon ting etterpå. Og sidan ha ingen budd der.
Språkleg omarbeidd av BB/NTØ
Segna er fortalt av Ola 0. Seim f. 1932 i tradisjon etter farbror Ingvald Seim f. 1905. Nedskriven av Ingebjørg Nordby Seim, Røldal 1999
Kjeldetekst
I skojen der inne stende dæ rester itte husmurar. Der va de ein husmann så hadde brukje sitt. Itteat den mannen va dø, så gjekk der eit sagn at de måtte ikkje tal'om byggja opp etter eller bu der meir, for der va pest - ein forgifting. Der måtte ingjen komma i berøring mæ muradne eller nåke ting itte på. Åg sia ha ingjen budt der.