Det kvite vatnet i Mjølåna s7k24
Det er ei segn frå Kvammen som ligg inn mot Mjølåna. Dei slo der inne og hadde med ein mann som var mindre med. Då forsnakte einkvan av slåttekarane seg og sa uforvarande:
‘- du fær bort i fossen å henta kvitt vatn.’ Han gjekk bort for å henta dette kvite
vatnet, og så gjekk han i elva og drukna.

Språkleg omarbeidd av BB/NTØ


Segna er fortalt av Ola 0. Seim f. 1932 i tradisjon etter faren Ola 0. Seim f. 1898.
Nedskriven av Ingebjørg Nordby Seim, Røldal 1999


Kjeldetekst
De va eit sagn frå Kvammen inn mot Mjølåna. Di slo der inne og hadde mæ ein mann så va mindre mæ. Då forsnakte innkvann tå slåttekaradne sæg å sa uforvarane:
‘- du fær bort i fossen å henta kvitt vatn.’ Han gjekk bort fårr å henta detta kvita
vatne, å så gjekk han i elva å vart drepen.