Marta-namnet på Saltvoll s6k24
Bestemor fortalde at det følgde ulykke med Marta-namnet på Saltvoll. Fyrst fekk dei ei Marta som døydde då ho var 5-6 år. Dei sa at ho hadde drukke blomstervatn. Så fekk dei ei Marta til. Ho vart drepen i ei bilulukke då ho var 17 år. Så bestemor fortalde at den sylja etter mor hennar som heitte Marta, den skulle ikkje nokon ha. Det følgde liksom ulykke med både namnet og sylja. Så sylja hadde ho heve uti Røldalsvatnet. Og sidan har ikkje namnet vore nytta, så vidt eg veit.
Språkleg omarbeidd av BB/NTØ
Segna er fortalt av Oddny Sandal f. 1942 i tradisjon etter Britha Sandal f. 1885. Nedskriven av Ingebjørg Nordby Seim, Røldal 1999
Kjeldetekst
Besta fortalde at de følde ulykke mæ Marta-namne på Saltvoll. Fyst fekk de ei Marta som døe når hu va 5-6 år. Dei sa at hu hadde drokkje blomstervatn. Så fekk dei ei Marta te. Hu vart drepen i ei bilulukka då hu va 17 år. Så besta fortalde atte den syljo ette mor hennes så het Marta, den sku ikkje nåken ha. Det følde likså ulykke mæ både namne å syljo. Så syljo hadde hu heve uti Røldalsvatne. Å sia har ikkje namne vore nytta, så vitt æg veit.