Stova på Kjømbergje s5k24
Huset som står i Hagjen hos Olai, stod før på Kjømbergjet. Det var stove som Nikuls og Såva budde i ei tid. Stova blei seld frå Kjømbergjet til Kvelven, stølen til Hagjen inni Valldalen. Murane etter stova står på Kjømbergjet enno.

Dei ville ikkje ha stova meir, for det spøkte der. Dei kunne sitja inne og høyra ramling av kjettingar og slikt mystisk. Dei kunne og kjenna at nokon la seg i senga etter at dei sjølve hadde lagt seg. Etter at stova blei flytt til Kvelven, har ingen merka noko til spøkinga. Etter at det vart neddemt i Valldalen, tok dei stova heim i tunet.

Språkleg omarbeidd av BB/NTØ


Segna er fortalt av Helje Øverland f. 1928 med tillegg av Olai Hagen f. 1952 Nedskriven av Ingebjørg Nordby Seim, Røldal 1999

Kjeldetekst
Huse så stende i Hagjen hos Olai, sto på Kjømbergje. De va stova så Nikuls å Såva budde i ei ti. Stova blei seld frå Kjømbergje til Kvelven, stødlen til Hagjen inni Valldalen. Muradne ette stova stende på Kjømbergje enno.
Di ville ikkje ha stova meir for det spøkte. Dei kunne sitja inne å haura ramling tå kjetingar å sovre mystisk. Dei kunne å kjenna at nokon la sæg i sengja ette at dei sjølve hadde lagt sæg. Ette at stova blei flytta te Kvelven, har ingjen merka noko til spøkjinga. Ette at de vart ne'demt i Valldalen, tok di stova heim i tune.