Hullesteidnen s4k24
I gamle dagar så støla folk i Grøndalen. Det var stølen til Seim, den garden som ligg utmed vatnet. Så var det ein dag at budeia skulle bera heim ein holk med fløyte, og då måtte ho gå om Austdalen. Eit stykke nedforbi Austdalen så er det ein nokså stor stein som står på venstre sida på vegen. Då såg ho ei hulder attmed steinen. Der sat ei kone i blank stakk, og ho var sikker på at det var eit overnaturleg vesen. Då vart ho så redd at ho sette opp farten og sprang alt ho vann. Då ho kom til Seim, så var fløyten vorten til mør.
Språkleg omarbeidd av BB/NTØ
Segna er fortalt av Marit Sandalf 1937 i tradisjon etter faren Udmund Tufte f. 1902. Nedskriven av Ingebjørg Nordby Seim, Røldal 1999
Kjeldetekst
I gamle dagar så støla folk i Grøndalen. De va stødlen til Sæm, den garen så ligg utme vatne. Så va de ein dag at budeio skulle bera heim ein holk mæ fløyte, og då måtte hu gå om Austdalen. Eit stykkje ne-forbi Austdalen, så æ de ein nokså store steidn så stende på venstra sio på veien. Då såg ho ei hulla at'me steidnen. Der sat ei kåna i blanke stakk og hu va sikker på at de va eit øvenaturlikt væsen. Då vart hu så redde at hu sette opp farten å flaug alt hu vann. Då hu kom te Sæm så va fløyten vorten te smør.