Huldrer alle stadar s3k24
Gamle koner i Røldal fortel at i deira ungdomstid trudde folk at det fanst huldrer og underjordiske skapningar kvar ein vanka. Ein kunne aldri vera sikker på om ikkje noko slikt vesen var tilstades kvar ein heldt seg, heime eller i marka, i bygda eller oppe i fjellet. Det gjekk segner om at den eller den hadde sett huldrer, endå til fleire på ein gong, og huldrekrøter såg dei rett som det var. Derfor måtte ein ta seg i akt, bera stål på seg eller slå kross for seg når noko stod på.
Språkleg omarbeidd av BB/NTØ
NFS Tor Skiftun 8: Frå Ryfylke. Folkeminne samla sumaren 1930
Kjeldetekst
Gamle koner i Røldal fortel, at i deira ungdomstid trudde folk at det fanst hullor og ondejordiske skapningar kvar ein vanka. Ein konne alldre vara sikker på om inkje noke sovore tyras var tilstades, kvar ein helt seg, heima eller i marka, i bygda eller oppe i fjellet. Det gjekk segner om at den eller den hadde sett hullor, endå til fleire på ein gong, og hullakretur såg dei rett so det var. Defor måtte ein taka seg i akt, bera stål på seg, slå kross for seg, når noke stod på o.s.b.