Ormemanaren s30k24
Dei var svært plaga med hugorm i Røldal. Difor spurte dei alle som kom dit, om dei kunne mana vekk ormen.

Så var det ein gong ein mann som tok inn på Seim, og dei spurte han også. Jo, han skulle prøva dersom dei berre var sikre på at det ikkje var nokon lindorm i Røldal. Nei, det trudde dei ikkje, for det vaks ikkje lind der.

Så murte dei to stolpar av stein der det no heiter Ormeberg. Dei stod så langt frå kvarandre at ein mann kunne skreva over. Så tende dei eit bål mellom stolpane. Då bålet var ferdig (?), tidleg i solrenninga, steig mannen opp på stolpane og begynte å mana. Då begynte det å renna orm på bålet. Straumen auka på utetter dagen, men då sola heldt på å gå ned, høyrde dei ein smell uti Flygnuten utom Hamre. Då seier mannen: ’Gud hjelpe meg, no e de ute me meg.’

Den siste ormen som kom, var ein diger lindorm. Mannen hoppa ned frå stolpane i det same ormen kom rennande, og ville springa til vatnet, men ormen kom etter han og ringla seg om han. Så rulla dei på vatnet begge to og omkom.

Språkleg omarbeidd av BB og NTØ


Tekst 1917-18 frå H. Delgobe etter Th. Bratteteig, Hordaland, Røldal. Orig. ms. NFS H. Delgobe 4, s. 82

Henta frå Norsk folkeminnesamling: Vandresagnkatalogen: http://www.hf.uio.no/iks/nfs/vandresagn/


Kjeldetekst
Der var svær plage med hugorm i Røldal. Saa spurgte de alle som for did om’n kunde mane væk ormen. Saa var det engang en mand som tok ind paa Seim. Saa spurgte de ham. Jo han skulde prøve om de bare var sikre der ingen lindorm var i Røldal. Nei det trodde dei ikje for der var ingen lind. So murde dei 2 stettar av stein (paa det senere Ormeberg) saalangt ifra hverandre at mannen kunde skreve. Saa tændte dei et baal imellem stettane. Da baalet var ferdig tidligt i solrenningo steig han op paa stettane og begynnte aa mana. Saa begynnte det aa renna orm paa baalet. Straumen aukte paa utetter dagen men i solagladingo haurde dei en smell uti Flygnuten utom Hamre. So seier’n: ”Gud hjelpe meg, no e de ute me meg.” Den siste ormen som kom var en diger lindorm. Manden sprang or stettane i detsamme ormen kom rennande, og vilde renne til vatnet men ormen efter ham og ringla seg om’n og saa rullet dei paa vatnet begge to og omkom.