Huldrer som vart bundne av lyset s2k24
På ein gard i Røldal som heiter Haugjen, hende det eit år for lenge sidan at to huldrer hadde vore så uheldige at de hadde sleppt lyset på seg. Dei sat fast i dagen og kunne ikkje rikka seg av flekken.

Så var det ein grei mann på Haugjen som vart vâr desse stakkars huldene. Han sprang inn i huset etter eit åkle og ein skinnfell, kasta alt dette over dei to og gjekk sin veg.
Om kvelden letta dei på kleslagga. Jo, sanneleg, der låg ein diger gullring. Det var huldrene si takk for hjelpa.

Språkleg omarbeidd av BB/NTØ


NFS Tor Skiftun 8: ’Frå Ryfylke. Folkeminne samla sumaren 1930’

Kjeldetekst

Huldrer som daga oppe
På ein gård i Røldal heiter Haugjen hendte det eit år for lengje sidan at to huller havde vore so uhepne at de havde slept ljoset på seg. Dei sat fast i dagjen, konne ikkje rikka seg av pletten.
So var det ein godlyndt mann på Haugjen som vart var desse stakkars hullene. Han sprang inn i huset ette eit åkle og ein skinnfeld, kasta alt dette øve dei to, og gjekk sin veg.
Om kvelden letta dei på klæplaggi. Jau, retteleg, der låg ein diger gullring. Det var hullenes takk for hjelpa.