Då hinmannen kom laus s29k24
Nett som Peter Dass skal presten Rørdam ha gått på nedgangsskulen i Wittenberg. Han åtte også svarteboka og kunne mana fanden.

Ei helg han preikte i Odda, leitte drengen – som var heime på prestegarden – fram denne merkelege boka, seier dei. Han var uheldig og kom til å lesa dei orda som løyser hinnmannen. Med det same står Gamle-Eirik framfor han, fløytande galen, og spør kva han vil. Prestedrengen er snartenkt. Han dreg fram ei tønne rug og seier: ’No kan du telja denna kåddnonna, so fær du arbai ai stund.’ Gamlingen sette seg til.

I mellomtida glodde drengen i boka etter dei orda som kunne binda hinmannen, men han fann dei ikkje, og best det er står Svarten framfor han og er arbeidslaus. ’Du fær ga neri præsta-fjøro å laga ait tåg tao sanden darnere,’ sa drengen. Hinmannen ned i fjøra til gjeremålet sitt. Men det vart eit heller vanskeleg arbeid. Gamlingen gret, seier dei.

Medan dette hender står Rørdam på preikestolen i Odda-kyrkja og preikar til ålmugen. Då med eitt kjenner han på seg at det er noko gale på ferde heime. Så snart gudstenesta er til ende, ber han presteskyssen om å ro han heim det snøggaste han vinn.

Då båten legg til prestebryggja, har hinmannen nett fått taustubben ferdig. Men no bind presten han, og faren er over.

Tauet la dei opp på kyrkjelemen, og der vert det liggjande i mange år. Så kom folk til å tenkja på at det var ikkje kristeleg å ha eit slikt djevels verk i Guds hus. Difor kasta dei det utfor prestebryggja, og der skal det liggja den dag i dag.

Språkleg omarbeidd av BB og NTØ


Tekst frå Halldor Opedal etter ukjent, Hordaland, Hardanger. Orig. ms. NFS Halldor Opedal 1, s. 8f

Henta frå Norsk folkeminnesamling: Vandresagnkatalogen: http://www.hf.uio.no/iks/nfs/vandresagn/


Kjeldetekst
Plent som Peter Dass skal [presten] Rørdam ha gjenge på Nedgangsskulen i Wittenberg. Han åtte ogso svarteboki og kunde mana fanden. Ei helg han preikte i Odda, leitte drengen – som var heime på prestegarden – fram denne merkelege boki, segjer dei. Han var uheppen og kom til å lesa dei ordi som løyser hin-mannen. Med same stend Gamle-Eirik framfor honom, fløytande galen, og spør kva han vil. Prestedrengen er snøgg-tenkt. Han dreg vonom fyrr til rette ei tunna rug og segjer: ”No kann du telja denna kåddnonna, so fær du arbai ai stund.” Gamlingen sette seg til. Medan gløste drengen i boki etter dei ordi som bind honom. Men han finn dæi ikkje, og best det er, stend Svarten framfyre honom og er arbeidslaus. ”Du fær ga neri præsta-fjøro å laga ait tåg tao sanden darnere,” sa drengen. Hinmannen ned i fjøra til gjeremålet sitt. Men det vart ei heller vand vinna. Gamlingen gret, segjer dei. Medan stend Rørdam på preikestolen i Odda-kyrkja og preikar til ålmugen. Då med eitt kjenner han på seg at det er noko gale på ferde heime. Fyrst tenesta er til ende, bed han presteskjussen ro honom heim snøggast han vinn. Då båten legg til prestebryggja, har hinmannen nett fenge tog-stubben ferdig. Men no bind presten honom, og fåren er yver. Toget la dei upp på kyrkjelemen, og der vert det liggjande i mange år. So kom folk til å tenkja på at det var ikkje kristeleg å ha eit slikt djevels verk i Guds hus. So kasta dei det utfor prestebryggja, og der skal det liggja den dag i dag.