Rop frå Låtefossen s28k24
Oppe ved Låtefossen var det tre kvernhus og ei stampe. Ein mann kom med ei mjølbør frå eit av desse kvernhusa, og sette seg til å kvila. Då høyrde han eit syngjande rop i lufta: ’Ti'æ æ kom'æ, men ékje man'nen!’ I det same kjem det ein kar ridande i stor fart med kurs mot elva. Møllaren får stoppa han og væter han med vatn. Dermed stuper han daud av hesten.Språkleg omarbeidd av BB og NTØ
Tekst frå Halldor O. Opedal etter ukjent, Hordaland, Odda. Trykt i NFL 32, s. 16Henta frå Norsk folkeminnesamling: Vandresagnkatalogen: http://www.hf.uio.no/iks/nfs/vandresagn/
Kjeldetekst
Uppe ved Låtefossen var det tri kvernhus og ei stampa. Ein mann kom med mjølbyrd frå eit tå desse kvernhusi, og sette seg te kvila. Då høyrde han eit syngjande rop i lufti: "Ti'æ æ kom'æ, men ékje man'nen!" I same stundi kjem det ein kar ridande i fullt flog og stemner mot elvi. Mylnaren fær stogga honom og dogga 'an med vatn. Dermed stuper han daud tå hesten.