Presten som løyste Djevelen s27k24
Ein prest var ein gong ille ute her. Han var sprenglærd i svarteboka, og kom til å preika ut frå den teksten i boka som løyser styggemannen. Hinmannen kom då springande inn i kyrkja og gjekk opp mot preikestolen. Folk vart vitskremde, som ventande kunne vera, og flaug opp frå benkene og ville springa på dør. Presten bad dei då frå preikestolen om å halda seg i ro.Så steig han ned, gjekk bort til gamlingen, treiv han i brøstet og drog han med seg ned i fjøra. Her sette han karen i arbeid; han skulle laga eit par alner tau av sand. Medan dette stod på, batt presten han for godt.
Etterpå gjekk presten opp i kyrkja og heldt fram med preika. Og no tala han så sterkt om å halda seg borte frå Satan og halda seg til Vårherre at det sokk i kyrkjelyden, og gudelege og skikkelege var dei så lenge presten levde.
Språkleg omarbeidd av BB og NTØ
Tekst fra Halldor O. Opedal etter ukjent, Hordaland, Odda. Trykt i NFL 23, s.110fHenta frå Norsk folkeminnesamling: Vandresagnkatalogen: http://www.hf.uio.no/iks/nfs/vandresagn/
Kjeldetekst
Ein prest her var og ille faren soleis. - Han var ein sprenglærd svartebok-mann og kom té preika tå den teksten i boki som løyser styggemannen. Kom han so rennande inn i kyrkja og gjekk uppetter imot preikestolen. Folket vart vitskræmt, som ventande kunde vera, og flaug upp or stolane og vilde springa på dør. Presten bad dei då ifrå preikestolen at dei fekk halda seg i ro. Steig han so ned og burt té gamlingen, treiv honom i bringa og drog honom med seg ned i fjøra. Her sette han karen i arbeid: han skulde laga eit par alner tog tå sand. Med dette stod på, batt presten honom for godt. Sidan drog han upp i kyrkja og heldt fram med preiki. Og no tala han so sterkt um té styggjast for sattan og halda seg té vaherra at folket vart ikkje likt seg, og gudlege og velseda var dei so lenge presten levde.
Orginaltekst: Ein annan måte var té lesa i svarteboki...