Hinmannen og kortspel s26k24
Stundom kjende hinmannen trong til eit avbrekk frå smedyrket. Då fann han særleg stor glede i kortspel endå kløveren var ein torn i auga på han. Det gjekk då gjerne slik at kløveren vart borte frå stokken litt etter kvart.

Ein Åse-mann sat eingong i eit lag og spelte kort. Så merka dei at kløveren vart borte, og då dei skulle sjå etter, merka dei at gamlingen sat ved bordenden og spelte med.

Sidan spelte Åse-mannen aldri kort, og til ungdommen sa han: ’Hadde de set so mykje tao kortspel so eg, so vait eg de aldri tok kortbla i hænduna mair’.

Språkleg omarbeidd av BB og NTØ


Tekst frå Halldor O. Opedal etter ukjent, Hordaland, Odda. Trykt i NFL 32, s.97

Henta frå Norsk folkeminnesamling: Vandresagnkatalogen: http://www.hf.uio.no/iks/nfs/vandresagn


Kjeldetekst
Ein sers hugnad fann hinmannen i kortspel, endå kløveren alltid var honom ein torn i auga. Det gjekk då gjerne so at kløveren vart burte litt etter kvart. - Ein Åse-mann sat i eit lag og spela kort. Då kvarv kløveren, og fyrst dei sku sjå te, sat gamlingen for bordsenden og spela med. Sidan spela Åse-mannen aldri kort, og te ungdomen sa han: "Hadde de set so mykje tao kortspel so eg, so vait eg de aldri tok kortbla i hænduna mair".

 

Originaltekst: Det var rimeleg at hinmannen kjende trong te litt brigde frå smedyrket av og te. Ein sers hugnad fann han i kortspel...