Jørgen Winter s25k24
Svarteboka skal vera forfatta på ein skule i Wittenberg i Tyskland som vart kalla ’nedgangsskulen’. Dei som gjekk på denne skulen, hadde inngått ein kontrakt med Djevelen. For å få visdom og kunnskap hos han skulle den siste som gjekk ut av skulen, tilhøyra Djevelen.

Det gjekk slik at dette falt på Jørgen Winter som skulle vera fødd på Vintertun i Odda sokn. Sidan Jørgen Winter var den siste som gjekk ut gjennom døra på skulen, kom Djevelen og ville henta han. ’Ikkje før eg har fått trekt opp sokken min,’ svarte Jørgen Winter. Djevelen slo seg til ro med det for han tenkte at det kunne ikkje ta så lang tid. Men Jørgen Winter let sokken vera nede.

Språkleg omarbeidd av BB og NTØ


Tekst frå P.Chr. Asbjørnsen etter ukjent, Hordaland, Hardanger. Orig. ms. NFS P.Chr. Asbjørnsen 2, s. 12

Henta frå Norsk folkeminnesamling: Vandresagnkatalogen: http://www.hf.uio.no/iks/nfs/vandresagn/


Kjeldetekst
Svartebogen
Svartebogen skal være Forfatet paa en Skole i Vurtenberg i Tysland [sic] som kaltes for ”Nedgangs Skolen”. Medlemmerne paa denne Skole havde gjordt en Kontragt med Djævelen, for at faae Viisdom og Kunster fra han, skulde den siste som gik ud af Skolen tilhøre Djævelen. Det faldt paa en som hed Jørgen Vinter som skulde være fød paa Gaarden Vinterthun i Oddesogn i Hardanger. Da Jørgen Vinter var den siste der gik ud af Skolen og igjenem Døren kom Djævelen og vilde hente ham, ikke før jeg faar draget op Soken min (Hosen) svarte Jørgen Vinter Djævelen. Djævelen lod sig nøde der med da han tænkte det kunde ikke vare saa længe, men Jørgen Vinter lod Soken være nede.