Huldra på Nyastøl 2 s23k24
Ho Synneva Reinsnås var budeie på Hildalsstølen og hadde lova å komma tilbake til Reinsnås til helga. Nokre gutar frå Reinsnås - mellom dei var han far- drog til møtes med faster si på fjellet ved Drevbekkjen og Halsen.
Inn og opp for ei skogløa på Nyastøl fekk dei ange på ei jente som sat på ein stein. Ho hadde laust hår og raudt kjoleliv. Best det var, reiste ho opp og snudde seg omkring , og dermed forsvann ho. Faster kom ikkje den dagen, og difor meinte dei at dei hadde sett ei hulder. Steinen ho sat på, ligg ovanfor stølen den dag i dag.
Språkleg omarbeidd av BB/NTØ
Haldor O. Opedal: Makter og menneske. Folkeminne ifrå Hardanger 1, 1930, s 81
Kjeldetekst
Ho Synva Rainsnås var budeia på Hildalsstølen og hadde sagt seg attende té Rainsnås so for det snare ei helg. Nokre gutar tå Rainsnås (imillom dei var han far) drog té møtes med faster si på fjellet med Drévbekkjen og Hals'en. Inn og upp for ei skogløa på Nyastøl fek dei anga på ei gjenta som sat på ein stein. Ho hadde laust hår og raud upplut. Best det var, reis ho upp og snudde seg umkring , og dermed kvarv ho. Fasteri kom ikkje den dagen, og dei tottest skyna at dei hadde set ei hulder. Steinen ho sat på, ligg ovum stølen den dag i dag.