Huldra på Nyastøl 1 s22k24
Ein dag på seinsommaren var fire budeier på Smytte. Då fekk dei auge på ei lysande vakker hulder på Nyastøl, 300-400 meter borte. Ho hadde stort og kolsvart hår sveipt bakover hovu-det, og ho stod og tøygde seg med eine handa oppi ein raun og plukka på raune-bær, såg det ut til.
No heiter det seg at tek du auga vekk frå ei hulder, kjem ho bort for deg. Budeiene ville freista om dette var slik. To gav seg til å nistira på huldra, og to snudde seg bort. Men då desse to sidan såg mot Nyastøl, hadde ho forsvunne. Dei to første såg henne like tydeleg enno ei stund; men så vart ho borte for dei òg.
Dette hende omkring 1800 på den tid han far var ung.
Språkleg omarbeidd av BB/NTØ
Haldor O. Opedal: Makter og menneske. Folkeminne ifrå Hardanger 1, 1930, s 81
Kjeldetekst
Ein dag på attù-faren sumar var fire budeior på Smytte. Då fekk dei auga på ei lysande ven hulder på Nyastøl, 300-400 meter burte. Ho hadde stort og ålsvart hår sveipt attyver hovu-det og stod tøygde seg med eine handi uppi ein raun, plukka på raune-bær etter som det såg ut. - No heiter det so at tek du augo tå ci hulder, kjem ho burt for deg. Budeione vilde freista um dette var slik. Tvo gav seg té einstira på huldri og tvo snudde seg burt Men då dei siste sidan vende synet imot Nyastøl, hadde ho kvorve. Dei hine såg henne like greidleg enno eit bel; men so vart ho burte for dei òg. Dette hende ved 1800-talet, den tid han far var ung.