Ei huldraku s1k24
Mons Hegerland, Horda i Røldal, ein mann på 65 år fortel:
Syster til mor mi støla. Ho var sæterjente i mange år. Stølen deira låg ikkje lenger borte enn at ho av og til kunne gå heim og henta mat, ta med seg smør og ost.

Så var det ein varm sommardag på vegen til stølen. Jenta var kommen opp i lia ikkje så langt frå sætra. Så vart ho vâr ei stor ku, blåkvit av farge og hadde horn. Ho stod og svinsa med halen. Jenta hadde liksom ei kjensle av at det ikkje var rett fatt med denne kua. Det skulle ikkje vera kyr her. Den som hadde hatt stål på seg! Dessverre hadde ho ikkje det. Og redd var ho òg. Ho skunda seg oppover til stølen så fort ho kunne. Her tok ho ein stakk og eit anna klesplagg og la på sprang tilbake dit ho hadde sett kua. Ho ville kasta desse klesplagga over kua for å få henne fast. For ho hadde høyrt at det hjelpte å kasta klede over dei underjordiske om ein ikkje nett hadde stål for hand.

Jenta kom til steinen der kua hadde vore. Men no var ho borte. Det fanst ikkje fnugg eller far att, trass i at det var mold og blaut jord der kua hadde stått.

Språkleg omarbeidd av BB/NTØ


NFS Tor Skiftun 8: ’Frå Ryfylke. Folkeminne samla sumaren 1930’


Kjeldetekst
Mons Hegerland, Horda i Røldal, ein mann på 65 år fortel:
Syster til mor mi støla (var sætergjenta) i mange år. Stølen deira låg ’kje lenger borte enn at hu ender og då konne ganga heim og henta mat, taka med seg smør og ost.
So var det ein varm sumardag på vegjen til stølen. Gjenta var komi op i lida inkje rett langt frå sætra. Så vart hu var ei stor ku, blåkvit av fargje og hynt. Hu stod svinsa med halen.
Gjenta hadde liksom ei kjensle av at det ikkje var rett fatt med denne kua. Det skulde ’kje vera kyr her. Den som havde havt stål på seg! Diverre havde ’kje gjenta stål på seg. Og redd var hu og. Hu skunda seg opøve til stølen so fort hu konne. Her tok hu ein stakk og eit anna klæplagg og la på sprang tilbakers til der hu havde sett kua. Hu vilde kasta desse klæplagg øve kua for å få henne fast. For hu havde høyrt at det hjelpte å kasta klær øve dei underjordiske um ein ikkje nett hadde stål for hand.
Gjenta kom til steinen der kua havde vore. Men no var hu borte. Det fanst ’kje fnugg eller far att, trass det var mold og blaut jord der kua havde stade.