Duken i Røldalskyrkja s19k24
Kyrkja i Røldal var ei av dei som dei kalla lovekyr-kjer; det er ei slik som dei lova gåver til når dei var i ein eller annan fare. Det var ein kross med ein duk på i den kyrkja, og denne duken var slik ei helsebot i at det kom mange som var sjuke eller hadde vorte ramma ei ulukke, og dei vart friske så snart dei strauk seg med duken. Mange krøplingar som kom der, kasta stavane og krykkene frå seg, så at det kom til å liggja ein dunge med stavar og krykker.
Men så var det dei òg som ikkje trudde at dette var sant. Ein gong var det to grannar som var ute på Røldalsvatnet og skulle fiska, og så kom dei til å snakka om duken. Då sa den eine at han trudde ikkje meir på det enn at han skulle no fiska torsk i vatnet. Men då hende det at den første fisken han fekk i vatnet, det var ein tosk.
Ein annan gong var det to mann som heldt på og flådde ei ku som dei hadde slakta. Då kom dei òg til å snakka om duken i kyrkja. Då sa den eine at han trudde ikkje meir på det enn at kua skulle reisa seg etter ho var flådde. Men då hende det òg at kua reiste seg og stod på føtene etter dei var avskorne.
Dei har sagt at det skal henga ein kufot og eit fiskebein i kyrkja, og det skal vera av den kua og den torsken som me no har fortalt om.
Språkleg omarbeidd av BB/NTØ
I Leiv Heggstad: Eventyr og segner på målføre, 1950. Etter Ivar Aasen
Kjeldetekst:
Kyrkjo i Røyldal va ei tao dei so dei kadla lòvekyr-kjùr; da æ sovòrna so dei lòvde gaovur te, naor dei va i ein eld' ann' faore. Dar va ein kross mæ ein duk pao i dan kyrkjo, å denna dukjen va slik ei helsebot i, at dar kom mangje so va sjukje, elde hadde fingje ei ulukka, å dei vart friskje, sosnart dei strauk seg mæ dukjen; å mangje kryplingar so kom der, kasta stavane å krykkjùna frao seg, so at dar skje liggja ein dungje mæ stavar å krykkjur. Men so va dar dei òg, so inkje trudde at detta va sant. Eigång va da tvo grannar so va ut pao Røyldalsvatne å skù fiska, å so kom dei te snakka ùm dukjen. Dao sa dan eine, at han trudde ikje meir pao da, eld' at han skulde no fiska tosk i vatne. Men dao hænde da, at dan fyste fisk han fekk i vatne, da va ein tosk. Ei onnor gång va da tvo mann so heldt pao flo ei kyr, so dei hadde slakta, å då kom dei òg te snakka ùm dukjen i kyrkjo. Dao sa dan eine, at han trudde ikje meir pao da, eld' at kyræ skù risa, itte ho va fleiæ. Men dao hænde da òg, at kyræ reis å sto pao føt'na, itte dei va aoskòrne. Dei ha sagt, at dar ska hanga ein kyrafot å ett fiskabein i kyrkjo, å da ska vèra tao dan kyræ å dan toskjen so me no ha fortalt tao.