Olavsteidnen i Terjebudalen s13k24
Det var ein dansk forskar som kom med den påstanden ein gong i tida at namnet Olavsteidnen hadde med Olav den heilage å gjera.

Attmed steinen har det vore ein kvilestad, for det for mykje folk med dyr her etter gammalt. Og der under berget var det tidlegare ei tydeleg innhegning av stein. Då dei kvilte, jaga dei dyra innpå der og så fekk dei litt fred til å eta sjølv.

Det var òg ein kvileplass for pilgrimane som var dårlege både her og der. Dei både gjekk og kraup. Olavsteidnen var siste kvileplassen før dei kom til Røldalskyrkja.

Språkleg omarbeidd av BB/NTØ


Fortalt av Helje Øverland f. 1928. Nedskriven av Ingebjørg Nordby Seim, Røldal 1999


Kjeldetekst
De va ein danske forskar så kom mæ den påstanden ein gong i tia, at namne Olavsteidnen hadde mæ Olav den heilage å gjera.
At'me steidnen ha de vore ein kvilestad, for de for mykje folk mæ dyr her itte gamalt. Å der unde bergje va der tidligare ein tydelig innhegning tå steidn. Då dei kvilte jaga de dyra innpå der å så fekk di litt fre te å matenda sæg sjølv.
De va å ein kvileplass for pilgrimane så va dårlige både her og der, di både gjekk og kraup. Olavsteidnen va siste kvileplassen før di kom te Røldalskjørkjo.