Gjertrushildren 2 s12k24
Viss du går Saudavegen om Ekkjeskar og er på høgda der, så tippar det over og nedover mot Sauda. Nesten på grensa mellom Røldal og Sauda, der er det ei tjørn som heiter Kringletjødn. Viss du ser inni inste enden av den, så ligg det ei fine flate der. Der ligg det nokre neddotne steinbuer. Ein ser tydeleg murane etter dei.
Der var det ei kone og ein mann som stølte ein gong. Dei var gifte desse to, og eg veit at ho heitte Gjertrud. Og når dei stølte der, så vart mannen sjuk. Det var ikkje nokon annan veg der inne enn ein gangveg. Og ho balte med denne mannen og måtte få han til bygdar. Ho sleit og bar, og dei prøvde å gå litt igjen, og han fekk berre meir og meir smerte. Det er vondt å tenkja seg kva det var og kvaslags smerte han hadde, men det kan jo vera hol på ein blindtarm eller noko sånt som gjev slike kollossale smerter.
På resten så klarte ho ikkje å dra han, og då blei ho så sliten sjølv òg, men då nærma ho seg Ekkjeskar. Då klarte ho å få mannen sin innunder helleren og la han der. Og så skunda ho seg det ho vann og reiste til bygdar etter hjelp. Og det fekk ho sjølvsagt, og dei for attende igjen og ho var med. Men då dei kom fram til Gjertrushildren, så var han død.
Og dei som måtte verta interessert i dette, kan kjøra bilvegen i dag. Då ser dei ein heller som ligg inni ei røys. Han ligg, vil eg tru, om lag to kilometer frå sjølve Ekkjeskaret mot Sauda. Du ser helleren når du står parkert med bilen, så nær er han. Det er ein flott heller som er tydeleg murt opp der, og den kallar dei no for Gjertrushildren.
Språkleg omarbeidd av BB/NTØ
Segna er fortalt av Reidar Eikemo f. 1940 i Odda etter Rol fNilsen f. 1928 i Sauda. Nedskriven på Oddadialekt av Britha Sandal, Røldal 1999
Kjeldetekst
De e oppe på, viss du går Saudavaien om Ekkjeskar, og då når du e på høgde dær så tippa de øve og nereve mot Sauda. Kjørt nesten på grenso imellom Røldal og Sauda, der e de ei tjødn så heite Kringletjødn.
Viss du ser inni inste enden av den så ligge de ei fine flate der. Der ligge de nokke nedottne steinbuer, ein ser tydeli murane ette dei. Der va de ei kåna å ein mann såm stølte ein gang. Dei va jiffte desse to, å eg veit at ho heitte Gjertrud. Og når dei stølte der, så vatt mennen sjuk, og då va de sjølsakt ikkje noke vei når dei va der inne, ant elle ein gangevei. Og ho balte med denna mannen å måtte få an te bygdars, å sleit å bar, å de prøfte å gå litt ijen, å an fikk berre meir å meir smerte, de e vont å tenkja seg ke é va, kalla smerte han hadde, men de kan jo te hol på ain blinntarm elle nokke sånnt så gjer non kollosale smerter.
Men på ressten så klarte ò ikkje å dra àn, åg då blei ho så sliten sjøl åg, men då nærma ho seg Ekkjeskar. Å då klarte ò åsså få mannen sin innonda den hilldren å la mannen der. Å så sjynnta ho seg de ò vann å reisste te bygdars ette hjelp, og det fekk ò sjøllsakt, og dei for attende igjen å ho va med, men då dei kom fram til Gjertruhilldren, så va àn dø.
Å dei såm måtte vetta intressert i detta, må kjøra bilveien i dag, så ser de ein hilldre så ligge inni ei røys, an e sirrka, eg vil tru an e sirrka to kilometer frå sjøla Ekkjeskaret, mot Sauda. Du ser hildren når du står parkert me bilen, så nærma e an. Det e ain flotte hilldre så e tydelig murt opp der, og den kallar di no for Gjertrushildren.
Kommentar
Grunnen til at denna segna er så mykje lenger enn dei andre, kan vera at Reidar Eikemo har stor forteljarglede og er godt kjend i området. Han fortel med innleving og detaljar som han sjølv kan ha lagt til og med ei avslutning som syner kor dette er. Kanskje kan me kalla denna segna ei kunstsegn?