Gjertrushedleren 1
s11k24
På veg ut Ekkjeskaret på vegen til Sauda kjem ein til eit vatn. Forbi dette vatnet ligg det på venstre sida ei diger urd, og der er det ein heller. Gjertrud var ei som kom og gjekk over fjellet, sommar som vinter, frå Hellandsbygda til Røldal. Under helleren der vart ho funnen død. Ho hadde sikkert ikkje greitt meir. Derav kjem namnet Gjertrushedleren.

Språkleg omarbeidd av BB/NTØ


Segna er fortalt av Aagot Ekkje f. 1915. Nedskriven av Torbjørg Ekkje - til dialekt ved Britha Sandal f. 1976, Røldal 1999

Kjeldetekst
På vei ut Ekkjeskare, på veien te Sauda, kjeme'an te eitt vattn. Forbi detta vattne ligge de på venstra sio ei vollsomme ur, å der e de ein hedler. Gjertru va ai så komm å gjekk øve fjedle, sommar så vinter, frå Hellansbygda te Røldal. Onda hedleren der vart hu' fonnen døe, hu hadde sikkert ikkje greitt meir. Tå det kjeme namne Gjertrushedleren.