Peparsteidnen på Haukeli s10k24
I gamle tider så reiste det folk over fjellet for å selja allslags. Ein vinter så hadde det komme ei kone frå Telemark bortover her til Hardanger. Det var ei krydderkone. Ho selde mellom anna pepar. På Haukeli ved Ulvabotnen ligg det ein stor stein attmed vegen. Der er det ein fin heller der det utan tvil var livd for vêret. Om våren fann dei krydderkona død under denne steinen. Ho var på tur heimetter og hadde ikkje greidd meir. Ho døydde under steinen anten av frost eller utmatting, kanskje begge delar. Etter dette vart plassen kalla Peparsteidnen.

Språkleg omarbeidd av BB/NTØ


Segna er fortalt av Helje Øverland f. 1928. Nedskriven av Ingebjørg Nordby Seim, Røldal 1999

Kjeldetekst
I gamle tier så reiste hær folk øve fjedle får å selja allslags. Ein vinter så hadde de kome ei kåna frå Telemark bortøve hær te Hardanger. Det va ei krydderkåna. Hu selde mellom anna pepar. På Haukeli ve Ulvabotnen ligg de ein store steidn at'me veien. Der æ de ein fine hedler, så de va utvilsomt livd for vere. Om våren fann di krydderkåna dø unde denna steidnen. Hu va på tur heimette å hadde ikkje greidd meir. Hu dø unde steidnen enten tå frost eller utmattelse, kanskje begge deler. Ette detta vart plassen kalla Peparsteidnen.