GARDVOREN eller NISSEN
Grunnkommentar
Gardvorden er eit vette som vaktar over alt og alle, og syter for at det følgjer lykke med garden. (Det norrøne ordet gardvordr tyder gardvaktar.) Andre namn på dette vettet er haugebonde og tunkall, og denne nemninga peikar mot at det er ein samanheng tilbake til den første rydningsmannen på garden. Gardvorden heldt nemleg ofte til i ein haug (gravhaug), ein stein eller eit tre på garden, slik at det her kan vera tale om rest av tradisjonen omkring haugen som gravstad.
Gardvorden var ein liten menneskeliknande skapnad som i det skjulte, helst om natta, gjorde ulike typar nyttig arbeid på garden. Han viste seg sjeldan for folk, ein høyrte han berre eller forstod ut frå ulike hendingar at han var til stades.Særleg tok han seg av kyr og hestar og sytte for at dei fekk nok høy.
Nissen er også ein liten menneskeliknande figur, som held til på garden eller i nærleiken av den. «Tenkt som ein liten gråkledd mann med raud topplue og langt skjegg» i følgje Nynorskordboka. Ordet nisse er utvikla frå personnamnet Nils (frå latin Nicolaus), eit namn som vart utbreidd i samband med dyrkinga av helgenen Nikolaus. Nissen førte lykke med seg til garden, han stelte godt med buskapen, særleg hestane. men skulle ein få behalda han, måtte ein gi han mat. Frå denne matofringa skriv skikken med å setja ut mat til nissen på julekvelden seg. Fylgte ein ikkje denne skikken, kunne nissen hemna seg både på dyr og menneske, og flytta nissen, kunne velstanden på garden bli borte.
Langs kysten ser ein at nissen også heldt seg på skutene. Sjå segna Nissen frå Austevoll.
Som ein ser er gardvoren og nissen eigentleg det same vettet, men medan gardvoren særleg høyrer heime på Vestlandet, nyttar ein mest omgrepet nisse på Austlandet.
Ein må altså skilja klårt mellom den gamle nissen og den nyare varianten som me kallar julenissen. Julenissen er ganske ung i Norden. Han dukka opp i Danmark og Noreg i siste del av 1800-talet, og skikken med at han delte ut gåver på julekvelden breidde seg frå 1910 og utover. Forestillingane om julenissen har grunnlag i helgenen St. Nikolaus, ein biskop i Litleasia frå det 3. hundreåret, som etter europeisk tradisjon gav snille barn gåver til jul. Til andre tider var ikkje julenissen å sjå. Julenissen har såleis ikkje rot i folketrua; det er berre dei minste borna som trur på han.
Utfyllande kommentar1 Til ordet nisse:
Etter Falk og Torp: Etymologisk ordbog: Nisse «er egentlig en kjæleform af egennavnet Nils. (--) Denne betegnelse for gaardbo eller gaardbonde (norsk ogsaa kaldt tomte, tomtegubbe, tunkall, gardvord, tunvord) er indlemmet efter reformationen fra Tyskland, hvor Nicolaus, Niclas, Nickel, Klaus, østerrigsk Niklo, bruges om et formummet væsen som menes at bringe børnene julegaver eller at indfinde sig aftenen før Nikolausdag for at belønne eller straffe børn, dessuden mangesteds om en liden pusling eller om en ubehagelig, modbydelig person».
I ein artikkel i Maal og minne (2/1997) argumenterer Ottar Grønvik for at namnet nisse ikkje kan avleiast av namnet Nikolaus/Nils. Ordet nisse er vidt utbreidd i Norden og er heilt klart gamalt.. Truleg går det tilbake til det norrøne ordet *nidsi m. som skulle tyda den kjære/vesle slektningen. Såleis skulle dette ordet referera seg til det same som gardvord, tomtegubbe, rudkall, m a o til slekta sin avlidne stamfar, han som først rydda garden, og etter gamal folketru framleis levde vidare på garden.
2 Til Vestlandet
På Vestlandet var det elles mange stader skikk å ha ei seng ståande tom. Denne senga måtte ingen andre enn gardvoren liggja i. Dersom nokon gjorde det, ville det bli ei uroleg natt. Gardvoren ville nemleg prøva å kasta vedkomande ut av senga.
Kjelder
Bø, Olav m fl: Norske segner (1981)
Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)
Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)
Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)