FOSSEGRIMEN

Grunnkommentar

Fossegrimen er eit vassvette. På mange måtar minner han om nøkken og er kanskje ein yngre avleggjar av han. Men medan nøkken helst er knytt til stilleståande tjørner, finn ein fossegrimen i rennande vatn og fossar. Såleis er det rimeleg at fossegrimen er knytt til det musikalske. Etter tradisjonen skal ein nemleg kunna læra å spela av fossegrimen dersom ein går til fossen ei torsdagsnatt eller ei jonsoksnatt og ofrar noko til han. Helst er det eit lammelår han då vil ha.

 

I følgje Nynorskordboka kan ordet grim både vera eit ‘slags vette’ og eit adjektiv med tydinga ‘stygg, avskyeleg’ og ‘bister, morsk’. Dette kan tyda på at det finst ei anna og meir uhyggeleg side ved fossevetta som fossegrimen også kan vera i slekt med, og som kjem meir tydeleg til uttrykk i vettet kvernknurren. Men det finst altså mange segner der fossegrimen opptrer trugande. Sjå segna 'Fossegrimen' frå Sauda.