DRAUGEN

Grunnkommentar

Det norrøne ordet draugr tyder attergangar eller dauding. I norrøn dikting vart draug nytta i same tyding som haugbui, dvs han som var i haugen. Nyare tids oppfatning av draugen er at han er ein attergangar etter ein som har drukna og såleis ikkje får kvila i vigd jord. (Difor var det viktig at ein drukna som rek i land, straks måtte gravleggjast, elles kunne han bli til draug.)

I Nynorskordboka vert draugen m a forklart som eit «menneskeliknande havvette som ror ein halv båt og varslar død». Å koma ut for draugen var eit vondt varsel; det kunne varsla uver, forlis, sjukdom eller død. Sjå segna 'Draugen' frå Karmøy.

Middel mot draugen var stål, eld og ekskrement frå menneske. Dersom ein la slikt på fortøyingane eller tofta, kunne ei skræma draugen frå å løysa båten eller koma om bord om natta.

Tradisjonen om draugen har halde seg levande i kyststroka fram til vår tid ; fram til vervarsling og moderne og sikrare båtar kom. Dette ser me m a ved at ein finn mest memorat om draugen.


Utfyllande kommentarar

 1 Til ‘draugen’: Samansetjingar med ordet draug (frå Nynorskordboka): draugkyss: munnsår; draugljos: blått lys som spår død; draugrop/draugslag: ryggvondt, særleg hekseskot; draugspy: 1 slags blågrøne alger 2 manet

 2 Til ‘menneskeliknande’:

I Nordland tenkjer dei seg draugen som ein fiskar i skinnklede, men utan hovud. Han lyser som moreld, og på sama måte som nøkken kan han skapa seg om, td til ein stein med tang på. Men det som elles går att, er at han siglar åleine i den halve båten sin.

Kjelder

Bø, Olav m fl: Norske segner (1981)

Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)

Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)

Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)