DRAKE OG LINDORM

Grunnkommentar

Ordet drake er eit gamalt lånord i norsk. Det kjem frå gresk, drakon, og frå latin, draco. Rimelegvis har forestillingane om dette dyret då også henta dei fleste trekka frå andre kulturar.

Drakeliknande dyr finn ein i tillegg i Bibelen, og dei bibelske forestillingane byggjer nok også på eldgamal orientalsk tradisjon. Det mest kjende drakedyret finn ein i Johannes’ openberring der dyret framstår som Guds motstandar, eit symbol for Satan. Erkeengelen Mikael kjempa mot denne draken og dreiv han bort, men draken lever vidare og fører krig mot dei som held seg til Gud og kristendomen. Det går ei line frå Mikael til dei middelalderske helteforteljingane om drakedreparer. Den mest kjende er St Georg. I norrøn tradisjon er Sigurd Fåvnesbane ein sentral heltefigur, men eigentleg byggjer denne diktinga på eit mellom-europeisk stoff.

Tilhaldsstaden for draken var fjellholer der han vakta store skattar.

 

Trua på drakar har ikkje halde seg så godt, og i seinare folketradisjon er draken oftast blanda saman med fæle og store ormar. Ein talar då gjerne om lindormen. Førstelekken lind kjem av det høgtyske ordet lint som tyder orm. Ordet lindorm er såleis ein tautologi eller ei gjentaking av to synonym.

Lindormen er eit vesen det er vanskeleg å danna seg eit heilt klart bilete av når det gjeld utsjånad. Han er først og fremst eit fantasifoster, og det fremste kjennemerket er at han uvanleg stor, og dermed farleg. Han held til i lier og urar, og som draken vaktar han ofte ein skatt.


Kjelder

Bø, Olav m fl: Norske segner (1981)

Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)

Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)

Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)