DEN EVIGE JØDE eller JERUSALEMS SKOMAKAR

Grunnkommentar

Den vandrande jøden vert skildra som ein mann med langt og tjafsete hår og skjegg. Ansiktet var stygt, og kleda fillete. Ein såg ikkje at han tok til seg mat, heller ikkje når nokon baud han det. Han var alltid på vandring, og let seg ikkje stoppa av ver eller vatn. På ryggen bar han ein sekk med skomakarverkty. Ofte vert det knytt overnaturlege trekk til han, m a kan han mangla skugge. Det er eit teikn på at han har selt seg til djevelen.

I norsk tradisjon ser det ut til at den vandrande jøden vart sett på som ein attergangar. Men grunnlaget for tradisjonen er ikkje berre den levande trua på attergangarar; det ligg også eit litterært og eit religiøst grunnlag bak forestillingane.

Det religiøse grunnlaget er legenda om skomakaren som på Golgata nekta Jesus å kvila seg attmed døra hans. Jesus skal då ha sagt: «Når ikkje eg skal få kvila her, så skal heller ikkje du få kvila så lenge verda står.» Frå då av var han ein kvilelaus vandrar utan heimland.

I 1602 kom det ut ei bok i Tyskland der det vert fortalt kva den seinare Holstein-bispen Paulus von Eitzen opplevde i Hamburg i 1547. Det hadde kome ein høg, barfota mann i 50-åra, med langt hår og fillete klede til sundagsgudstenesta. Då von Eitzen spurde kven han var, fekk han servert historia som legenda fortel. Denne boka kom i mange opplag og vart omsett til fleire språk, m a dansk.

 Den norske segntradisjonen om den vandrande jøden er såleis ikkje så lang, og han har eit klart definert opphav. Samstundes vart han nok tradisjonen understøtta av at folk rett som det var kunne støyta på omstreifarar, og ofte kunne det vera jødar. Dei som møtte han, trudde det var ein gjengangar dei støytte på, m a på grunn av den fæle utsjånaden. Det vert dessutan ofte fortalt at han ikkje hadde skugge, og at han klaga seg over at han ikkje fekk døy. Abaverus er eit av namna på denne jøden som vart dømd til å vandra verda rundt til evig tid.

 

Segna ‘Jødebrua på Fjon’ frå Sveio gir visse minningar om denne tradisjonen.


Kjelder

Bø, Olav m fl: Norske segner (1981)

Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)

Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)

Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)