DEILDGASTEN

Grunnkommentar

Deildgasten er ein attergangar etter ein som har flytta merkesteinar. Slik har han rana til seg annan manns jord, noko som både i bibelen og i dei gamle norske lovene var eit svært alvorleg brotsverk. (Det norrøne ordet deild har samanheng med del, og tyder byte(stein), skil(merke) mellom eigedomar. Gast kan tyda m a skrømt eller attergangar.)

Som straff måtte han vandra kvilelaus omkring, og ikkje få fred i grava. I balladen ‘Draumkvedet’ vert det tala om at straffa for dei som har flytta merkesteinar, er å bera på gloande jord:

 

Kjem eg meg åt monno dei,

dei bar på gloande jord:

gud nå’e dei fatige såline

som flutte deilder i skog!

 

Johannes Skard seier i Gamalt or Setesdal om alvoret i dette brotsverket: «Aa stela jord er den største synd her er, av di det er aa stela etter dauden.» Grunnen er at verknaden av tjuveriet varer ved også i ettertida.


Kjelder

Bø, Olav m fl: Norske segner (1981)

Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)

Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)

Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)