BYTINGEN
Grunnkommentar
Dei underjordiske ynskte gjerne å få tak i eit friskt og sterkt menneskebarn. Dei ville difor prøva å byta bort sitt eige barn med nyfødd barn som låg utan tilsyn. Bytingen er eigentleg ein huldrekar. Huldrefolket har tatt menneskebarnet og lagt huldrekaren i vogga i staden. Det var det udøypte barnet som var særleg utsett for dei overnaturlege maktene, og det er kanskje ein grunn til at folk før var snare med å få døypt ungane sine ved såkalla nauddåp, dvs utanom den faste gudstenestetida.
Samstundes ser me tydeleg slektskap mellom bytingtrua og alle segnene om bergtaking og lokking inn i huldreheimen. I begge høve er det tale om at dei underjordiske ynskjer å få tilført noko av den styrken som menneska har ved at dei levde i lyset og dagen.
Det som kjenneteikna bytingen var at det nyfødde barnet såg sjukt og stygt ut. (Dette kan forklarast med at det barnet td kunne ha gulsot eller sjå dårleg ut pga uttørking eller dårleg næring.) Men den vanlege bytingen er eit sjukt barn. Det er m a o eit barn som gradvis utviklar ein sjukdom, eller som har visse skavankar som ikkje vert oppdaga med det same. Ofte kan ein ut frå tradisjonen sjå at det er tale om eit vanskapt barn. Det er denne varianten som ligg til grunn for dagens språkbruk der ordet byting er eit sterkt nedsetjande ord for eit barn som manglar vit.
Tilleggskommentar1 Til nedsetjande ord:
Det vert fortalt om ulike hjelperåder for å bli kvitt bytingen. Hovudpoenget var å få bytingen til å tala ved å gjera noko så unaturleg at bytingen ikkje kunne la vera å kommentera det. Då ville han seia noko om kor gamal han eigentleg var, og såleis avsløra seg og døy. Døme på slike merkelege ting ein kunne gjera for å få bytingen til å røpa seg, var å koka velling i eit eggeskal eller laga blodpølse i eit katteskinn.
Kjelder
Bø, Olav m fl: Norske segner (1981)
Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)
Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)
Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)