Grunnkommentar
Trollkjerring vert brukt både om gygr og om heks. Sjå eigen artikkel om gygr. Denne artikkelen handlar om trollkjerring i tydinga heks. Heksene er knytte til dei vonde maktene. Eit viktig kjenneteikn er at dei kan flyga på ein sopelime.Dei har kunnskap om magiske hjelperåder og formlar som dei brukar mot menneske. Slik skaper heksa frykt og redsle slik som i segna om trollkjerringa frå Kvinnherad.