ATTERGANGAR

Grunnkommentar

Ein attergangar er eit menneske som ikkje finn fred i grava. Det kan vera ulike grunnar til det, men det vanlege er at det skuldast eit uoppgjort brotsverk og at dei dermed døydde utan å ha fått tilgjeving for ei synd. Også sjølvmordarar, udøypte barn eller menneske som omkom td på sjøen og såleis ikkje kom i vigd jord, blei attergangarar. Eit slikt menneske måtte gå igjen på jorda, og blei ei plageånd og eit trugsmål for dei levande.

 

Attergangarane viste seg der brotsverket hadde funne stad eller der dei hadde halde seg i levande live. Desse stadane bei rekna som farlege og utrygge. For å binda den døde til jorda, kasta eller ofra folk td småstein når dei gjekk forbi staden. Slik kunne det med tida samla seg haugar med stein, såkalla varp (= ihopkasta dunge; av det norrøne verbet verpa = kasta).

Sjå segna ‘Varpafuten på Fikse’ under Etne.

 Men dei som ikkje fekk fred i grava og såleis ikkje hadde status som død, var også einsame og ulykkelege. Dei ynskte å gjenoppretta skaden eller mangelen dei leid under for å få tilgjeving og fred. Då trong dei hjelp frå dei levande som kunne utføra den handlinga attergangaren bad om; td døypa eller bera fram ei tilståing. Sjå segna om attergangarane deildgasten (‘Deildegasten’ under Stord) og utburden (‘Utburden ved Grøtheimsvatnet' frå Karmøy). Dette er døme på vette som er knytt til spesielle brotsverk.


Tilleggskommentarar

1 Til ‘trugsmål for dei levande’:

For å verna seg mot mogelege attergangarar hadde ein ulike skikkar ved død og gravferd. Det var skikk å gjera opp uvennskap og strid mellom familiemedlemer på dødsleget. Og skikken med å bera den døde ut gjennom eit hol på baksida av huset (likdøra) er eit anna døme. Då skulle ikkje den døde kunna finna vegen tilbake. (Sjå Olav Bø m fl: Norske segner)

Kjelder

Bø, Olav m fl: Norske segner (1981)

Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)

Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)

Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)