UTBURDEN

Grunnkommentar

Det norrøne ordet utburdr (ein som er boren ut) står for eit barn som vart sett ut fordi det av ein eller annan grunn ikkje skulle fostrast opp.

Det som ligg i ordet i dag er i følgje Nynorskordboka at det er eit skrømt eller ein attergangar, eigentleg «etter barn som var utsett i skogen el. som døydde udøypt». Det eigentlege innhaldet i omgrepet, ein som er boren ut, har såleis i nyare tradisjon blitt erstatta av eit anna innhald. No er det tala om attergangarar etter barn som er fødde i løynd og teke av dage utan å bli døypte.

Sidan dei ikkje er døypte, er desse barna utestengde frå det kristne samfunnet og dermed frå evig liv. Difor får utburden aldri fred, men græt og jamrar seg i utmarka der dei var nedgravne. Td ser ein ofte i desse segnene at utburden ropar etter namn. (Ein finn også døme på at nemninga ‘ropar’ vert brukt om utburden.) I segna «Utburden i Vekslio» frå Fitjar finn me nett dette motivet. Når eit menneske tek på seg å gjennomføra eit dåpsrituale, slik som i denne segna, vert det stilt: «Men etter denne hendinga var det berre fugleskrik å høyra i Vekslia,» står det i segna. Utburden kan opptre på fleire måtar. Ofte blir han opplevd som ei tung bør ein får på ryggen, eller noko som held ein igjen slik som i segna 'Utburden på Avaldsnes'.


Utfyllande kommentar

1 Til ordet ‘stilt’

Ein annan utburd er den som skriv seg frå etterburden (= morkake, navlestreng og fosterhinner som kjem ut etter fosteret). Denne kunne bli sett på som ein tvilling av barnet, og det var gjerne den utburden som skreiv seg frå etterburden, som kunne bli ei plage for folk. Difor brende ein etterburden, eller grov han ned i jorda. Helst var han eit trugsmål mot mora til barnet, men han kunne også setja sjukdom på uskuldige folk eller hengja seg som ei tung bør på ryggen deira.

Ein kunne verna seg på ulike måtar: ha korn eller stål i lomma, kasta varme bak seg eller koma seg inn på ein åker.

Kjelder

Bø, Olav m fl: Norske segner (1981)

Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)

Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)

Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)