TROLL , RISE og GYGR

Grunnkommentar

Me møter helst trolla i eventyra, men dei opptrer også i segnene. Trolla er overnaturlege når det gjeld skapnad og utsjånad; dei kan vera uvanleg store, ha mange hovud, berre ha eitt auge osv. Likevel vert det sjeldan sagt at dei er så og så store. Det ligg i sjølve nemninga at dette er svære vesen, og så kan ein nytta fantasien for å danna seg eit bilete av dei.

Trolla høyrer til meinvetta. dei representerer vondskapen, og i eventyra er dei såleis hovudmotstandaren til helten. Når dei opptrer i segnene, har dei også gjerne denne funksjonen, td kjempar ofte kristningskongen Olav den heilage mot trolla, som i 'Sigg' frå Karmøy.

Nynorskordboka gir m a fylgjande kommentar til ordet troll: «i folketrua: stort (el. sj. lite) stygt, sterkt og farleg, men dumt og godtruande, menneskeliknande vette som bur i skogen el. berget».


Utfyllande kommentar

1 Til ‘trolla’:

Jotun, rise og gygr minner mykje om trollet når det gjeld storleik, men det ser ikkje ut som om det vert lagt like mykje vekt på dei vonde eigenskapane ved desse vetta. Ordet rise vart td brukt i sagalitteraturen når ein hadde bruk for ei nemning for eit særleg stort menneske, ei kjempe. Td vart ordet nytta når ein skulle omtala kjemper som Atlas og Goliat. Sjå rise-segna 'Steinane på Herviksfjellet' frå Tysvær, og gygre-segna om Blåelva frå Kvinnherad.

2 Til ‘ordet troll’:

Det finst ei stor mengd samansetjingar med ordet troll. Her er nokre få henta frå Nynorskordboka: trollbotn: i folketrua: stor vik langt mot nord der trolla kjem frå; trollgrep: sjukdom med sterkt trykk i hovud el. lemer; trollbær: halv meter høg plante av soleiefamilien med svarte, giftige bær; trollkatt: i folketrua: katteliknande vesen som ei trollkjerring har for å dra til seg ting frå andre, t d mjølk frå kyr; trollsleik: slags leppesår; trollspegel: spegel som fordreiar biletet.

Kjelder

Bø, Olav m fl: Norske segner (1981)

Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)

Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)

Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)