SJØORMEN
Grunnkommentar
Frå norøn mytologi kjenner me Midgardsormen. I Det gamle testamentet høyrer me om fabeldyret Leviatan, ein slange- og drakeliknande skapnad. Om det er desse forteljingane som er grunnlaget for den sjøormtradisjonen som me finn innslag av i skriftlege kjelder frå 1500- og 1600-talet, er sjølvsagt usikkert. Men både i historieverk (Hamarkrøniken) og i litterære tekstar (Nordlands Trompet) finn ein skildringar av sjøormen både i ferskvatn og i havet. Som så ofte når vette syner seg, er det eit dårleg varsel.
Tradisjonen om sjøormen utviklar seg vidare og vert særleg livleg ut på 1800-talet. Sidan har det kome nye forteljingar om sjøormen heilt fram til våre dagar, og underleg nok har det særleg vore mange bidrag frå innlandet. Frå Seljordsvatnet har det td kome mange augnevitneskildringar heile dette hundreåret.
Frå Tysnes har me segna om sjøormen i Grovatnet, og i Etne fortelst det om ormen i Litledalsvatnet . Knut Nauthella frå Austevoll seier i ei oppskrift at «Sjøormen er velkjend», og Haukenes skriv i ei oppskrift frå Kvinnherad om møtet med sjøormen på ei byferd til Bergen . Her går dyret til åtak, og folk må forsvara seg med våpen. Ifølgje Olav Bø er det heller sjeldan at sjøormen slik går til åtak på folk og båtar.Dessutan er det ei rekkje sjøormsegner frå Nord-Rogaland, særleg frå Suldal.
Utfyllande kommentarar1 Til Hamarkrøniken
Hamarkrøniken er frå tidleg på 1600-talet og skildrar Hamar bispesete og by i katolsk tid og fram til undergangen for katolisismen ved reformasjonen. Forfattaren beklagar seg over det som skjer, og ser på det som ei ulykke. I denne samanhengen går dei kjende skildringa av sjøormane som viste seg i Mjøsa inn. Dei er varsel om ulykkene som vil råka landet:
Der lod sig tilsiune daug effter daug mange siøorme udj Miøss, som sloge sig idi mange lencker oc buchter, op mod himmelen. Der nest effter kom der en meget gresselig stor orm, som var saa forferdelig till at see, oc løb saa saare hastelig jnd paa itt skiær, neden for den yderste odde uden for Communet. hans øyen var saa store som it karbond (= tønneband), oc haffde en stor suart mann ligesom en hest, oc hengde ned paa hans hals.
2 Til Nordlands Trompet
Nordlands Trompet (trykt 1739) er hovudverket til Petter Dass (1647 - 1707). Det er eit topografisk verk på vers, dvs at det er ei systematisk skildring av landskap, dyreliv, næringsliv i tillegg til at det gir glimt frå folkelivet. Slik omtalar han sjøormen, og det er tydeleg at han her byggjer på ein rotfesta tradisjon:
Om Søormen veed jeg ei nogen Beskeed,
Jeg haver ham aldrig med Øynene seed,
Begjærer ei heller den Ære;
Dog kjender jeg mange, som mig have sagt,
Hvis Ord jeg og giver sandfærdelig Magt,
Han maa ret forfærdelig være.
Kjelder
Bø, Olav m fl: Norske segner (1981)
Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)
Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)
Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)