OSKOREIA
Grunnkommentar
I følgje Nynorskordboka er dette eit «følgje av vonde vette som rid gjennom lufta , særleg ved juletide slik som i segna 'Fossareio vitjar Ørekvam' frå Suldal.. Ivar Aasen meinte at grunnordet var eit gamalt oskurligr som tyder fælsleg, skræmeleg. Oskoreia for frå gard til gard med leven og bråk, åt opp julematen og drakk ølet. Ho kunne ta folk med seg, barn som vaksne og fara med hestane. Ja, til og med hus kunne ho ryna seg ut på, og særleg slike som ikkje var bygde etter gamal, god skikk. Ein verna seg mot henne ved å setja kross over dørane.
Utfyllande kommentarar
1 Til følgje av vonde vette
Welhaven sitt dikt «Aasgaardsreien» byggjer på denne tradisjonen:
Aasgaardsreien i Fylking rider
Ved Høst og Vinter i barske Nætter,
men helst den færdes ved Juletider;
da holder den Fest hos Trolde og Jetter,
da stryger den lavt over Eng og Sti
og farer den larmende Bygd forbi -
da vogt dig Bonde, hold Skik og Orden;
thi Aasgaardsreien er snart ved Gaarden!
I tradisjonen finn ein døme på at oskoreia kunne ha kvinneleg leiing. I Telemark talar ein om Guro Rysserova (hestehale) - eit namn som viser tilknyting til huldra. I segna om «Trettengreiå» frå Bømlo fortelst det:
Trettengreiå er en Hulderkjerring som for rundt mellem Gårdene med et helt Læs med Ost og Smør og alskens Helligdagskost. Det var 12te Dags Kvelden og Natten til den trettende hun var ute.2 Til Oskoreia
Det er ulike nemningar på fenomenet Oskoreia. Andreas Faye brukar i Norske Folke-Sagn (1833) omgrepet Aasgaardsreien. (Denne nemninga er m a grunnlaget for teorien om at namnet kjem av ás godreid som skulle tyda ásgudfølgjet, dvs eit følgje av norrøne gudar.) Andre ord som vert nytta, er joleskreia, trettanreia og Lussiferda.
KjelderBø, Olav m fl: Norske segner (1981)
Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)
Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)
Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)