NØKKEN

Grunnkommentar

Nøkken er eit vassvette som, i alle høve i følgje seinare tradisjon, held til i elvar og vatn. Han er ei personifisering av det farlege ved vatnet. Det er eit ‘vasstroll’ som det står i Nynorskordboka. Det norrøne ordet er nykr som tyder elvehest. Elles er det vanskeleg å gi ei presis utgreiing om kva eller kven nøkken er. Ein av dei sentrale eigenskapane ved han er at han kan skapa seg om. Det er mest vanleg at han viser seg som ein hest. Dersom han då gjekk fredeleg på stranda og beita, og han fekk nokon til å setja seg på ryggen sin, sprang han straks i vatnet og tok ryttaren med seg.

Når nøkken opptrer i vatnet, er det visse drag som går att: det er tale om eit andlet med hår og skjegg og med store auge som ligg og lurer i vassflate.

Ofte er det samanheng mellom oppfatningane om nøkken og dei ein finn om andre vassvette; td kan forestillingane om nøkken minna om dei ein finn om draugen. Båe kan varsla uver og visa seg nær staden og tida når nokon skal drukna. Då skreik nøkken frå elva eller vatnet der drukninga skulle finna stad; ropet vart kalla varskrik, og minna om lommen. Over heile Europa er replikken «Timen er komen, men ikkje mannen» kjend. Den nytta nøkken når det drog ut med at mannen som skal drukna, kom ned til vatnet.

Andre gonger ser ein slektskap med fossegrimen, td ved dette at nøkken også kunne opptre i fossen i menneskeskapnad og læra bort feleslåttar. Det vert også fortalt om at han kan stansa kverna slik kvernknurren gjorde.


Kjelder

Bø, Olav m fl: Norske segner (1981)

Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)

Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)

Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)