KVERNKNURREN
Grunnkommentar
Kvernknurren er eit vassvette som held til i bekken under kverna. Sidan kvernene vanlegvis låg i utmarka, langt frå folk, og sidan ein ofte dreiv på med malinga i seine haustkveldar og langt utover natta, låg tilhøva godt til rette for at forestillingar om vetta skulle bli bekrefta. Duren frå kverna, og det at ho kunne koma til å gå ujamt, eller til og med stoppa, kunne få ein til å tenkja på levande vesen som greip inn i prosessen. (Endestavinga knurr har med den knurrande gangen av kvernsteinane å gjera.)
I segna 'Kvernsegn' frå Austevoll høyrer me om ein slik kvernknurr.
Utfyllande kommentar1 Til slik kvernknurr:
Forteljingar om den som narrar eit vette ved å kalla seg Sjølv, er kjende over store delar av Europa. Den som vert narra, kan td vera ein underjordisk, ein dverg, ein djevel eller eit troll. Ein variant av segna finn ein også i Odysséen av Homer.
Kjelder
Bø, Olav m fl: Norske segner (1981)
Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)
Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)
Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)