HULDREFOLKET
Grunnkommentar
Huldrefolket høyrer til dei underjordiske, og går under ulike namn: haugfolket, bergfolket, tussane og hittfolket.
Huldrefolket er som regel usynlege, berre ved sjeldne høve syner dei seg, og ofte opptrer dei då i flokk. Dei bur til vanleg nærare menneska enn trolla. Dei kan halda seg tett ved menneskebustaden, td under fjøset eller stovehuset og på stølane, men ein møter dei også lenger frå gard og grend; i fjell, haugar og steinar.
Dei driv gardsbruk, har ein fin buskap og er velståande. Dei kan ha eit sosialt liv slik som i menneskeverda, og kan til og med ha kyrkjer og prestar. Huldrebryllaup er noko ein ofte høyrer om i segnene. Elles liknar dei også menneska på godt og vondt. Steller ein seg ikkje fint overfor huldrefolket eller uroar dei på ein eller annan måte, vil dei hemna seg. (Sjå td segna 'Bonden som flytta floren' frå Kvinnherad.
Grå er ein farge som ofte vert nemnt når det er tale om huldrefolket: Tussane er gråkledde og huldrefolket kan visa seg som grå garnnyste. Dei har grå sauer, kyr og hestar.
I kysttradisjonen har huldrefolket hus og gard, men er sjøfolk og driv fiske som folk elles. Huldrelandet, ei øy eller ein holme, ligg her ute i havet. Somme gonger kan det ha karakter av eit lykkeland som er usynleg for vanlege menneske, men av og til kan det henda at folk kan koma dit. Sjå segna om Utsira.
Sidan huldrefolket mangla lyset og varmen til menneska, ynskte dei å dra dei inn i si verd og koma i slektskapsforhold til dei. Huldrefriarane, både dei kvinnelege og mannlege, kunne vera nærgåande og innpåslitne. Hadde ein ikkje då middel til å forsvara seg med, td stål, eller ein vart forført, kunne det enda med bergtaking. Då miste ein all kontakt med menneskeverda. Sjå segna 'Innteken av huldrene' frå Suldal.
Bytingen var også eit resultat av huldrefolket sin lengt etter menneska. Dei stal då eit menneskebarn og la eit av sine i vogga i staden. (Sjå artikkel om bytingen.)
Huldra høyrer til huldrefolket, men opptrer åleine. Ho kan syna seg som ei budeia i lag med buskapen sin, men oftast vert ho framstilt i stereotype situasjonar som i møte med den einsame mannen. Ho er vakker og erotisk tiltrekkande, men kuhalen kan verka fråstøytande. Ho kan også vera snill og hjelpsam, td ved å belønna dei som hjelper henne med noko. Men som naturen sjølv kan ho slå tilbake mot og straffa dei som ikkje steller seg vel mot henne.
I Nynorskordboka vert ordet hulder set i samanheng med det norrøne verbet hylja som tyder løyna aller gøyma. Huldra skulle då tyda «den løynde». I folketrua er huldra eit «vent kvinneleg vette med kurove som held til i berg og haugar».
Utfyllande kommentar1 Til Huldrefolket
Om opphavet til huldrefolket fortel tradisjonen i ein variant at dei skal stamma frå barna til Eva, fyrste kona til Adam. Ho skamma seg over dei, og prøvde å skjula dei for Vårherre. Då skal han ha sagt at det ho løynte for han skulle vera løynt for henne og. (Sjå elles segna Hulderen frå Kvinnherad.) Sidan huldrefolket ikkje hadde nokon gud, var dei alltid triste og sørgmodige.
2 Til hemna seg
I samband med det store hamskiftet i jordbruket i siste helvta av 1800-talet vart det gjennomført utskiftingar, og dei gamle fellestuna vart oppløyste ved at den einskilde brukaren flytte sine hus til eit eige tun. Folketradisjonen gir si eiga forklaring på denne husflyttinga ved å visa til dei underjordiske.
3 Til Huldra Nokre samansetjingar med ordet hulder henta frå Nynorskordboka: Huldreblom: orkidé utan røter med få, bleikgule blomstrar; huldregras: meterhøgt, fleirårig gras med slapp topp og breie, tynne blad; huldrehatt: hatt som gjer ein usynleg; huldretjørn: fisketjørn med dobbel botn der fisken høyrer til huldrefolket og ikkje let seg fanga av menneske.
4 Til Huldrelandet
Ut-Røst er eit slikt huldreland ute i havet. Andre huldreland langs norskekysten er Ut-Vega som skal liggja 5 - 10 mil utanfor Vega. Dessutan skal det m a liggja eit utanfor Utsira (Sølen), eit utanfor Lista, og eit utanfor Træna (Sandflesen). Midt i Vestfjorden skal det også liggja eit stort, flatt åkerland. Sume øyar langs kysten skal opphavleg ha vore huldreland, men så er dei blitt ein del av menneskeverda ved at det kom stål eller eld på dei. Sidan har dei lege over havflata. Slike øyar er Vega, Sølen utanfor Vega, Svinøy, Tautra og Jomfruland. (Sjå elles segnene Gubben i Håkelen frå Bømlo og Lasse Våge frå Austevoll.)
5 Til bergtaking
I norsk segner vert det ofte fortalt om at menneske - både barn og vaksne, kvinner og menn - kan bli bergtekneeller haugtekne. Særleg er det huldrefolket som gjer dette. Nokre gonger slepp dei ut, enten ved eiga hjelp eller ved hjelp frå andre. Om dei kjem ut, er dei gjerne mentalt merka av opplevinga for livet.
Det hjelpemiddelet ein først og fremst kunne ta i bruk for å få folk ut av berget, var ringing med kyrkjeklokker.
Kjelder
Bø, Olav m fl: Norske segner (1981)
Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)
Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)
Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)