HAVMANNEN OG MARMÆLEN
Grunnkommentar
Havmannen (i norrønt hafsmadr) ser ut som eit menneske ovantil med langt hår og skjegg, men tynt hår. Nedantil ser han ut som ein fisk. Når han talar, skjer det ofte på tilnærma rimform. Ein kan seia at havmannen svarar til havfrua, og han har då mange av dei same eigenskapane. Havmannen er ikkje eit gamalt vette i folketradisjonen; ein kjenner ordet frå 1500-talet. Ut frå dei funksjonane han har, kan det sjå ut som han er eit resultat av ei samanblanding av fleire vette. Som draugen er han helst å sjå når det er uver i vente, og dette vert då oppfatta som eit sikkert varsel av fiskarane. Det er likevel ikkje knytt den same uhygga til havmannen som til draugen. Stundom kan ha trong for hjelp eller ei velgjerning frå fiskaren, og då kan han som havfrua gjera noko att som td å visa til ein god fiskeplass. Dette er trekk som ein finn ved dei underjordiske i innlandstradisjonen. Sjå segna 'Kva fortalde havmannen?' frå Bømlo.
Marmæle kjem av norrønt marmennil som er eit minkingsord med tydinga liten havmann. Dette er såleis eit vette som har levd lenge i tradisjonen, og er omtala i norrøn litteratur. Det kan vera at forstillingane om ein marmæle kan ha gitt grunnlag for framveksten av ein større variant som havmannen. Det som er typisk for marmælen, er at han er så liten. Han bur på havbotnen, og ein kan få han på kroken. Tradisjonen er uklar når det gjeld korleis han ser ut; om han er dyr eller menneske. Men det vert ofte nemnt at han er naken når han kjem om bord i båten, og at det beste ein kan gjera er å gi han klede og sleppa han uti att.
Ein eigenskap ved marmælen er at han kan spå. Dersom fiskaren er venleg mot han, kan marmælen hjelpa han ved å varsla uver. Han talar då gjerne på vers.
Utfyllande kommentar1 Til Marmæle
Nynorskordboka har fylgjande kommentar til ordet marmæle: (norr. marmenill, av marr hav, sjø) i folketru: liten havmann som kan tale med folk og openberre løynde ting.
Kjelder
Bø, Olav m fl: Norske segner (1981)
Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)
Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)
Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)