HAVFRUA

Grunnkommentar

Havfrua er eit vassvette som ein finn att i tradisjonen både frå kysten og frå innlandsstrok. Ho er halvt kvinne og halvt fisk, med naken overkropp og fiskespord. Elles har ho langt lyst hår og er kjend for vakker song. Ho skaper seg aldri om slik td nøkken gjer.

Ein kan spekulera på om det er utsjånaden som selane har som har påverka forestillingane om havfrua. I alle fall finn ein i folketrua i mange land eit nært samband mellom selar og havvette.

Ein skulle kanskje venta at i vettetradisjonen langs kysten knytte forestillingar til havfrua som likna dei enn elles finn om huldra, m a o at havfrua er ein kystvariant av huldra. Dette stemmer også når ein ser på dei erotiske trekka ved havfrua. Som huldra er ho ein skapnad som dreg unge menn til seg. Men for fiskaren var havfrua først og fremst eit vondt varsel - slik alt som var uvanleg blei tolka som varsel. I norrøne kjelder vert då også havfrua rekna som eit sjøtroll, og her vert nemninga havgygr nytta. Huldra er då ein meir sympatisk skapnad.

Samstundes har havfrua mange trekk felles med havmannen: Ho kan spå, og td varsla storm og uver. Ho løner dei som gjev henne noko, og straffar dei som gjer noko mot henne.


Utfyllande kommentar

1 Til ‘mange land’

I Irland heiter det at selane var dei menneska som drukna i Syndfloda, og at selane kvar niande dag la av seg dyrehamen og vandra omkring på land som vanlege menneske.

Kjelder

Bø, Olav m fl: Norske segner (1981)

Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)

Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)

Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)