ALVANE OG DVERGANE
Grunnkommentar
Storparten av naturvetta høyrer til dei underjordiske. Dei skil seg frå trollgruppa og jotnane ved at dei er småvaksne og menneskeliknande. Det gjeld likevel ikkje huldra som har menneskestorleik.
Alvane og dvergane er mindre viktige som vette i folketrua i dag enn tidlegare. Det kan sjå ut til at huldrefolket har overteke plassen til alvane.
Alvane er små, underjordiske vesen med menneskeskap. Det vert skilt mellom svart-alvar og ljos-alvar. Ljos-alvane er lysare enn sola, medan svart-alvane er svarte og lever under jorda. Dei er ofte sjukdomsvette, som kan kasta sjukdom på både dyr og menneske. Dette er gjerne sjukdomar som kjem brått på, som skot. Eit døme er hudsjukdommen elveblest.
Elles er alvane kjende for dansen som dei trødde i skogen om natta. Eit grasslag som veks slik at det lagar ein ring, vart sett på som merke etter denne dansen (alvedans).
Dvergane var viktige i norrøn mytologi. Dei var småvaksne, og heldt til i stein, berg og urer. Dei var særleg kjende for å vera dugande smedar. I seinare folketru er dvergane stort sett borte, men forestillingane om at dei på same måte som dvergane kunne setja sjukdom på folk og dyr, lever i sjukdomsnamn som dvergskot (ryggverk), dvergkyss (utslett) og dvergsog (jursjukdom).
KjelderBø, Olav m fl: Norske segner (1981)
Hodne, Ørnulf: Vetter og skrømt i norsk folketro (1995)
Bø, Olav: Trollmakter og godvette (1987)
Liestøl, Knut: 'Innleiing' i Norsk folkedikting. Segner (1939)