Tussen i Brokaskiten 1
    s1k1
    Lasse i Våge var godven med tussen i Brokaskiten. Det var ein havmann som budde i ein båe, som ligg midt i straumsundet utanfor Stolmavågen. Tussen kom ofte til Lasse og snakka med han, men han var alltid snar, og det såg ut for at han var redd for noko.

    Lasse hadde ein stor katt som alltid sat og kvesste klørne på åresteinen, og det var visst dette klodyret tussen ikkje likte. Ein dag sa tussen at no måtte Lasse komma til han i båen. “Nei, da går alder an,” sa Lasse. “Jau då, du ska berre ro te, når boden bryte da treia bròte, so går da nokk, ska du sjå,” sa tussen.

    Det nærma seg jula, og sjølvaste julekvelden tok Lasse færingen sin og rodde utover vågen og utgjennom til Brokaskiten. Det var stillt vêr, og det gjekk ei god stund før båen braut. Men til slutt såg Lasse at det kom tre svære alder. Han rodde til i det same, og i det tredje brotet rende båten innunder båen. Lasse høyrde berre kor det saud rundt han, men så vart det stillt, mest som i grava. Han opna augo og såg at han var kommen inn på ein still våg, med ljos sandbotn innover til stranda. Opp i ein grøn bakke låg det ei stove. Det var vel der tussen budde.

    Lasse rodde inn til bryggja og bela båten, og så gjekk han opp til stova og pikka på. Tussen kom og let opp døra og ba han stiga innanfor. Det var sværandes mørkt der inne, men etter kvart som Lasse vart van med mørkna, skrimsla han dei svære stokkane i veggene, og dei fine teppa med innvovne skilderi av kveiter og kvalar. Over åre-elden hang det ei stor gryte full med kveitehovud. Tussen bad Lasse setja seg til bords, for no skulle dei eta. Dei begynte med kvar sitt kveitehovud. Det var seig kost å få i seg, syntest Lasse. Etter kvart som han åt, vart det berre meir mat på hovudet. “Detta va ein sersjilde fisk å ha,” tenkte Lasse, og spurde då kor det var tussen var henne og drog denne feite kveita.
    “Tròm tryte
    Targrudn sjøldo
    Tydler alder,”
    svara tussen.

    “Ka è me-e i Tydler då?"
    spurde Lasse.
    “Fuglanukjen øve Svanahei,
    da è dèn rètte Tydlerlei,”
    sa tussen.

    Han hadde berre eitt méd, når han var og fiska der, skjønte Lasse, og då nytta det ikkje for andre å finna den plassen. “Du får kòbma ne te sjød’n ein måro, so ska du få vèra mè mèg te Tydler,” sa tussen. Lasse sa at han skulle gjera det. Men då han sat der og såg rett opp i taket, vart han forskremd. Det hang ein veldig kvernstein over hovudet hans, og han hang etter ein grann ulltråd. Lasse sprang bort i ei krå, men steinen flytte seg etter han kor han for, så det nytta ikkje å gøyma seg nokon stad. Då sette tussen i å le godt, og så lo han: “Redde va du no, å rømde før kvednasteid’n, men reddar va eg før klodyre détt på åresteid’n.” Lasse var ikkje sein med å komma seg heimatt etterpå dette.

    Ein morgon utpå vinteren gjekk Lasse i Våge ned til sjøen. Og då kom det ein båt roandes. Det var tussen som skulle på fiske. Han skuta inn til lands, og Lasse hoppte ned i båten til han. Dei rodde langt til havs. Til slutt såg dei berre Fugla-nukjen over Svanahei, og då var dei på Tydler.

    Lasse sat med fram-paret og andøvde båten, og tussen sat med veldene og fiska heile dagen. Det vart aldri ymta eitt ord mellom dei, men tussen drog i eino og lempa over esinga, og slengde bak i skuten. Det rare var at Lasse kunne ikkje sjå denne fisken, endå båten sokk godt i sjøen og vart heilt nedlasta til slutt, så dei fekk fingrane i sjøen når dei greip om esinga.

    Seint om kvelden kom dei til lands. Tussen sette Lasse på land der han hadde henta han, og sa ikkje eitt ord, og Lasse fekk ingen fisk med seg. Morgonen etterpå, då han kom ned til sjøen, låg det ein stor kval oppdregen i båtstøa hans.


    Ordkommentar:
    ei alde ‘stor havbåre; dønning’
    saud av syda ‘koka’
    bela av beleggja ‘fortøya’
    å skrimsla ‘sjå utydeleg’
    skilderi ‘målarstykke, teikning (ofte nedsetjande)’
    me-e (médet) av eit méd ‘fiskeplass, i skjeringspunktet mellom to siktelinjer’
    skuta ‘driva ein båt fram med bakskuten først’
    å andøva ‘halda ein båt roleg på ein stad mot vind og straum med årer’
    veldene ‘fiskereiskapane’ 
    i eino ‘i eitt’
    ei esing ‘båtripe’
    ein skut ‘fremste eller attarste ende eller rom i ein båt‘

     

    Språkleg omarbeidd av BB/NTØ


    Olav T. Beito: Norske målføretekster , fortalt av lærasr Johan Tufteland , f. 1912

    Kjeldetekst:
    Lasse Våge og havmannen i båen
    Lasse i Våge va so vens mè tussen i Brokasjiten. Da va ein havmann sò budde i ein boe, sò liggje métt i straumsonde utanføre Stòlmavågen. Tussen kòbm òfta te Lasse å snakte mè an, mèn an va allti snare, å da såg ut føre atte an va rèdde før nòke.

    Lasse hadde ein store katt, sò allti sat å kvèsste kløna på åresteid-n, å da va visst dètta klodyre tussen ikkje likte. Ein dag sa tussen, atte no måtte Lasse kòbma te an i boden. "Nei, da går alder an", sa Lasse. " Jau då, du ska bèr(r)e ro te, når boden bryte da treia bròte, so går da nòkk, ska du sjå", sa tussen.

    Da nærma sèg julè, å sjølvaste julakvèlen tok Lasse fèringjen sénn å rodde utøve vågen å ut ijøne te Brokasjiten. Da va stillt ver, å da jèkk ei goe stond før boden braut. Mèn te slutt såg Lasse atte dar kòbm tre svère alde Han rodde te i da sama, å i da treia bròte rènde båten idnonde boden. Lasse høyrde bè(r)re kor da sydde ront an, mèn so vart da stillt, mèsta sò i gravè. Han opna augena å såg atte han va kòbmen i(d)nn på ein stidle våg, mè jose sandbòtten i(d)nnøve te strandè. Opp i ein grøne bakkje låg dar ei stòva. Da va vèl dar tussen budde.

    Lasse rodde i(d)nn te bryggjo å be-la båten, å so jèkk an opp te stòvo å pikka på. Tussen kòbm å let òpp dørè, å ba an stiga i(d)nnanføre. Da va svèrandes mørkt dar idne, mèn étte kvart sò Lasse vart vane mè mørknè, skrimsla an dei svère stòkkana i vèggjena, å dei fine tèppè mè innvòvne sjéldreri uta kveite å kvala. Øve åre-èlden hånng(g) dar ei store gryta fudle mè kveitehòve. Tussen ba Lasse sètja sèg te bors, fòr no sko di eta. Di bejynte mè kva(r) sétt kveitehòve. Da va seige kòst å få i sèg, syntest Lasse. Étte kvart sò han åt, vart dar bèr(r)e meira mat på hòve. " Dètta va ein sersjilde fisk å ha", tèngkte Lasse, å sporde då kor da va tussen va hènne å drog dedna feita kveito.

    "Trò(b)m tryte
    Targrudn sjøldo
    Tydler alder",
    svara tussen.
    "Ka è me-e i Tydler då?"
    sporde Lasse.
    "Fuglanukjen øve Svanahei,
    da è dèn rètte Tydlerlei",
    sa tussen.
     
    Han hadde bèr(r)e ètt me, når an va å fiska dar sjønte Lasse, å då nytta da ikkje før andre å fidna dè(d)n plassen. "Du får kòbma ne te sjød-n ein måro, so ska du få vèra mè mèg te Tydler", sa tussen. Lasse sa at an sko jèra da. Mèn då an sat dar å såg rètt òppøve i takje, vart an fòrskrèmde. Da hångg ein vèldi(g)e kvèdnastein øve hòve hans å han hångg étte ein gradne ulltrå. Lasse språng(g) bort i ei krå, mèn steid-n flytta sèg étte an korr an for so da nytta ikkje å jøyma seg nòken stana. Då sètte tussen i å lè gòtt, å so lo an: "Rèdde va du no, å rømde før kvèdnasteid-n, mèn rèddar va èg før klodyre détt på åresteid-n." Lasse va ikkje seine mè å kòbma sèg heimatte éttepå dètta.

    Ein måro utpå vinteren jèkk Lasse i Våge ne te sjød-n. Å då kòbm dar ein båt roandes. Da va tussen sò sko på fissje. Han skuta idn te lanns, å Lasse hòpte ne i båten te an. Di rodde långkt te haffs. Te slutt såg di bèr(r)e Fuglanukjen øve Svanahei, å då va di på Tydler.

    Lasse sat mè fram-pare, å andøvde båten, å tussen sat mè vèldena, å fiska heile dagen. Da vart alder ymta ètt or imydle di, mèn tussen drog i eino, å lèmpa øve èsingjè, å slèngde bak i skuten. Da rara va, atte Lasse konde ikkje sjå dènne (dèdne) fissjen, èndå båten sòkk gòtt i sjød-n å vart heilt nelasta te slutt, so di fèkk fingrana i sjød-n når di greip om èsingjè.

    Seint om kvèl-n kòbm di te lanns. Tussen sètte Lasse på land dar an hadde hènta han, å sa ikkje ètt or, å Lasse fèkk ingjen fisk mè sèg. Måroen éttepå, då han kòbm ne te sjød-n, låg dar ein store kval òppdreijen i båtstøè hans.
     

    (Parentesar syner uttalevariantar)