|
"Hur du är avgör hur Du lär!"
Nyleg var 400 grunnskulelærarar frå Stord samla kring talarstolen til
den svenske læringsforskaren Lena
Boström for andre gong! Ho er ein av fleire (t.d.
Howard Gardner,
Rita Dunn) som for tida gjer stor suksess ved å reisa rundt og halda
seminar om intelligensar og "inlärningsstilar". - Felles for desse er å
sjå eleven som individ og å setja eleven i sentrum. Ikkje så
oppsiktsvekkjande og nytt for lærarar kanskje, men
Boström fokuserer sterkt på at
meiningsfull læring gjennom personleg læringsstil er resepten. -
Ho spikrar fast
tre viktige prinsipp i sin metodikk:
- att veta
var du är
- att veta vart du ska
- att veta HUR du ska ta dig dit!
Vidare tek ho
(i sin
Stord-presentasjon) utgangspunkt i Dunn sine definisjonar knytt til
læringsstilar:
Learning style,
then, is the way each learner begins to concentrate on, process and
retain new and difficult information (Dunn, Dunn & Perrin, 1994, s.
9).
Learning style is a biological and developmental set of personal
characteristics that makes the identical instructions effective for
some students and ineffective for others (Dunn & Dunn, 1993, s. 5).
Denne innleiinga
aktualiserer val av pedagogisk metode og kan sjåast på som eit innlegg
i ein diskusjon om studieteknikk. Slik er interessa kring læringsstilar
med på å skapa eit fint utgangspunkt for innhaldet i denne
leksjonsteksten som er IKT-bruk knytt
til tanke- og emnekart.
Nokre definisjonar
Diskusjonen kring læringsstilar
gjer oss meir medvitne om at elevar og studentar er ulike. Nokre er gode
til å lesa, nokre skriv godt medan andre helst teiknar. Tankekart kan innehalda
både tekst og illustrasjonar. Bruk av tankekart i klassen kan dermed gi mange ulike resultat.
Desse ulikskapane
kan vera eit godt utgangspunkt for å skapa ein god læringssituasjon.
Før me
går i gang, er det nødvendig med ei avklaring knytt til omgrepa tankekart
og emnekart. I litteratur knytt til læringsstrategiar og
studieteknikkar blir det brukt mange ulike omgrep for tankekart. Slik figuren viser, vert det brukt mange overlappande omgrep
både på norsk og engelsk. Ikkje alltid er omsetjingane like gode. Dei
ulike omgrepa refererer gjerne til ulik vektlegging og form:

Concept map vert omsett
til konseptkart på norsk, men kunne like gjerne vore omsett til
idékart. Mind map kan
omsetjast til tankekart. Semantic nets/webs/Networks vert omsett til
semantiske nettverk eller semantiske nett.
Guttorm Hveem brukar
omgrepet grafiske organisatorar for å femna om desse
visualiserings- og tenkjeverktøya i si mastergradsavhandling: "Det overordna omgrepet
grafiske organisatorar vert nytta om verktya for å arbeida med slike
tankekart, kognitive kart, konseptkart, emnekart osb."
At teknikkane og verktøya
kan karakteriserast
som tenkjeverktøy, gjer at det også vert naturleg å introdusera
det engelske
omgrepet mind tool
(tenkeverktøy). I følge David Jonassen (2000), er mindtools
computer-based tools and
learning environments that have been adapted or developed to function
as intellectual partners with the learner in order to engage and
facilitate critical thinking and higher-order learning (s. 9).
Tankekart
Tankekart er utvikla av
Tony Buzan på 1960-talet og er ein grafisk
notatteknikk med stikkord, figurar, symbol og ikon. Tankekart skal
vera raskt å laga og enkelt å hugsa. Tankekart kan nyttast for å sikra
resultat frå kreative prosessar. Dei kan også brukast til å laga strukturerte
representasjonar av resultat frå ein ustrukturert prosess. Slike
visualiseringar gir ofte betre oversikt enn tilsvarande lineære tekstar.
I Norge er
det
først og fremst
Bjørn Ringom (ja - han er far til
Lars Joakim, vår første BigBrother-vinnar) som har
promotert tankekart-teknikkane til Buzan. Ringom er kjent frå fleire bøker, kurs og
føredragsverksemd knytt til bruk av tankekart eller hukommelseskart
(Ringom, 1987) i kreativt arbeid.
Arbeidsprosessen knytt til
tankekart inneheld følgjande moment:
- Fri kreativ utfalding med
fargar, tekst og bilete
- Som førre punkt, men med krav om samanknyting mellom
objekt
- Gjennomgong for å få konsensus om samsvar i karta
- Strukturert bearbeiding og forbetring av tankekartet

| |
ebok har har følgjande "oppskrift"
for korleis ei tankekart-økt kan organiserast i klasserommet
(jfr. figur og lenkje). |
| |
|
Oppskrifta
(jfr. figur) viser til den tankekart-løysinga som er mest utbreidd i
skulen i dag; bruk av papir og pennar. I vår "IKT-verd" skal me kikka
nærare på kva, og korleis IKT kan koplast til i arbeid med tankekart.

Tankekart laga i CMap. Her er det ikkje eitt
sentralt omgrep.

Tankekart laga i MindManager.
Her er "transfer" det sentrale omgrepet.
Konseptkart = omgrepskart
I denne samanheng set me likskapsteikn mellom omgrepa konseptkart (eng.:
concept map) og omgrepskart. Skilnaden mellom omgrepskart og tankekart
er knytt til fokus på relasjonane mellom omgrepa.
Concept map vart utvikla av Joseph D. Novak på 60-talet og er
eit grafisk verktøy for å
organisera og strukturera kunnskap. Kvar node representerer eit omgrep
eller eit konsept.
Ein
viktig kvalitet ved slike omgrepskart
er namngitte
relasjonar mellom ”nodane”. Desse finn ein ikkje i
tradisjonelle tankekart. Relasjonane viser
samanhengen mellom omgrepa.
Omgrepskart blir slik eit nettverk av omgrep og relasjonar som saman dannar
meining.
U-VETT ved universitetet i Tromsø gir
sine studentar
tips
om korleis omgrepskart kan støtta læringsarbeidet:
Begrepslæring er en svært viktig side ved læring av fag og
kommunikasjon av fag. Begrepskart kan være motiverende og lærerike
bidrag i dette arbeidet. Begrepskart gir gode oversikter over
fagforståelse, og er derfor til stor hjelp for ei oversiktlig
læringsbok.(Kjelde:
http://www.uvett.uit.no/plp/lbk/arbeid/tanke/)
BrainBank Learning er eit norskutvikla "pedagogisk verktøy for
begrepslæring og utvikling av læringsstrategier, i et livslangt og
livsvidt perspektiv." - Det er nordnorske
Cerpus som står bak utviklinga og
som har gjort testforsøk både i
høgskule- og grunnskulemiljø.

I USA
har Institute for the Interdisciplinary Study of Human & Machine
Cognition (IHMC) ved University of West Florida saman med m.a. NASA
og US Navy utvikla CmapTools (jfr. figur).
Verktøyet støttar utvikling
av konseptkart. Eit godt døme på korleis desse kan sjå ut finn ein på
systemet si nettside.
CmapTools er fritt tilgjengeleg for opplæringsføremål. Verktøyet kan
brukast t.d.:
•
i organisering og strukturering av kunnskap • for å utvikla forståing for samanhengar •
som grunnlag for diskusjonar • i gruppeprosessar (kan medføra felles forståing) •
som støtte for eigne tankeprosessar
Rettleiarar i gruppeprosessar der bruk av slike verktøy inngår bør: • ha god forståing for omgrepskart som metode • kunne verktøyet godt, og ha trening i prosessen •
ha fagleg oversikt for å sjå relasjonar • ikkje
nødvendigvis ha ei sterk rolle i gruppa • ha ansvar for
diagrammet sin konsistens og logikk • om nødvendig rydda opp etter at gruppearbeidet er ferdig

Konseptkart laga i CmapTools.
Boksar representerer omgrep, medan teksten mellom boksane uttrykkjer
relasjonar.
Emnekart
Dei ulike omgrepa
me har omtalt kunne like gjerne vore knytte til studieteknikk
ved hjelp av papir & blyant, som til IKT-baserte verktøy. - For å
definera emnekart (eng.: topic map) må me fokusera litt annleis.
Emnekart er ein svært aktuell
internasjonal standard for
samankopling av informasjon
og kunnskap.
Emnekart er definert og etablert som ein eigen teknisk
ISO-standard (ISO/IEC
13250:2003).
- Emnekart blir brukte når tankekart, konseptkart og assosiasjonar skal omsetjast
til programkodar som html, xml og sql.
Emnekart-standarden er
sett saman av følgjande sentrale omgrep:
-
emne (eng.: topic) - av ulike typar:
Eit emne kan vera kva som helst; ein person,
ei hending, bok, eit
forfattarskap, ei nettside, ein bygning etc. Alt kan difor definerast som
emne
-
relasjon (eng.: association) - mellom to eller fleire emne
-
førekomst (eng.: occurence) - ein peikar til ulike ressursar t.d.
tekst bilde, lyd, video

Emnekart er delt i to lag. I det ene laget befinner emner og
assosiasjoner seg, mens forekomstene er i det andre laget. På den måten
kan man si at selve emnekartet består av emner og assosiasjoner, mens
forekomster eksisterer utenfor emnekartet og blir pekt til ved hjelp av
URL’er. I kunnskapslaget finnes emner og assosiasjoner mellom emner. I
informasjonslaget befinner ressursene seg.(...) Det vil si at ressursene
kan være i et hvilket som helst format. (Kongsbakk, 2004, s.20)
Ressursen som ein førekomst refererer til,
kan vera ein intern del av sjølve emnekartsystemet eller liggja lagra eksternt. Eksterne
ressursar vert i slike tilfelle gjort tilgjengelege via eiga nettadresse
(URL).
Emnekart blir dermed ein
"kunnskapsvev av emner og
assosiasjoner - et slags semantisk nettverk - som er meget lett å
navigere i fordi den avspeiler den assosiative måten vi mennesker tenker
på." (Steigan og Pepper, 2001)
Emnekartet kan etter dette
karakteriserast som eit innhaldsregister der
emne fungerer som oppslagsord, medan førekomstane utgjer sjølve innhaldet.
Sjå på den
"flytande"
assosiasjonsmenyen på ITU sine nettsider (jfr. figur). - Ser du
nokon samanheng mellom korleis orda i den flytande menyen er organisert
og lenkene under?

ITU brukar eit sett
relasjonar som t.d. "Prosjektleder", Består av", "Del av",
"Dokumentajon", "Koordinator", "Omtalt i" o.l. Ein emnekartmotor gjer at
andre nodar som er relatert til det dokumentet du ser vert vist i den
flytande menyen. Storleiken på skrifta i asossiasjonsmenyen fortel noko
om "avstanden" mellom nodane i emnekartet.
Bruksområde
Emnekart vert brukte til
kunnskapsrepresentasjon.
Standarden vert spådd å kunna danna grunnlaget for neste generasjons
informasjonsformidling.
Teknologi har gjort
informasjon så tilgjengelig at enkelte snakker om at brukere blir
overbelastet - snøskred, oversvømmelse og andre naturkatastrofer
brukes ofte som metaforer. Men dette er bare symptomer på at den nye
teknologien også krever nye og bedre løsninger. Emnekart kan være en
av disse.
(Prof. dr. jur. Jon Bing, på www.emnekart.no)
Emnekart-teknologien seiest å ta opp i
seg den assosiative måten me tenkjer på. Emnekart skal hjelpa oss til meir
intelligente og brukarvennlege søk i informasjonsflaumen på Internett:
Det å holde oversikten blir stadig mer utfordrende etter hvert som
informasjonsmengden øker og kunnskapen blir mer kompleks. Store verdier
går tapt fordi man ikke kan gjenfinne, gjenbruke eller sammenkoble
informasjon og kunnskap. Vi trenger derfor en bedre måte å håndtere
informasjon på! Emnekart gjør dette mulig, og gjør det lettere å holde
oversikten i informasjonskaoset på nettet. (Kjelde:
http://www.bouvet.no/default.aspx?ChannelID=1008&DocumentID=10411)
Noko av styrken til emnekart-standarden
ligg i måten denne støttar opp om gjenbruk og gjenfinning av
informasjon og kunnskap. I tillegg opnar standarden for utvikling av
verktøy som støttar kollektiv bygging av distribuerte
kunnskapsstrukturar, der eleven ved behov inntar ei aktiv produserande
rolle, slik m.a.
ITU
hevdar. - Emnekart har truleg eit stort
potensial t.d. innan e-læring, dataintegrasjon og i store
offentlege portalar. Eit framtidig scenario vil vera å kunna importera
ferdige læringspakkar og læringsobjekt i ulike LMS basert på emnekart.
Noreg langt framme
Pionerane i utviklinga av emnekart-standarden held til i Norge!
I 2002 blei
den første emnekartkonferansen i verda arrangert i Oslo. Oslo er også den byen
der flest web-redaksjonar har tatt i bruk den nye teknologien (Vogt,
2002), jfr. lista
over.
Mykje av den fremste
ekspertisen på området er norsk og har "heimen" sin
her: www.emnekart.no.
Viktige emnekartaktørar i den norske marknaden er
Bouvet,
Empolis og
Ontopia.
IKT-baserte
grafiske organisatorar - i læring
I dette studiet vil det vera av interesse å sjå om, og eventuelt korleis
IKT kan brukast som eit fleksibelt læringsverktøy. I innleiinga til
denne teksten har me vore innom ulike definisjonar som alle grip inn i
kvarandre og som er knytt til visualiseringar av tanke- og
læringsprosessar. I masterarbeidet sitt klassifiserer Guttorm Hveem IKT-baserte verktøy relatert til slike kart som grafiske
organisatorar. I denne teksten er det allereie presentert
illustrasjonar frå fleire slike verktøy. Slike programvarer kan brukast for å støtta og gi oversikt over
materialet ein arbeider med. Ulike programvarer passar til ulik bruk,
dei kan vera retta mot utvikling av tankekart, utvikling av semantiske
nettverk eller til utvikling av konseptkart. Overordna omgrep for alle
desse er grafiske organisatorar (Guttorm Hveem, 2005).
The National Centre on Accessing the General Curriculum (NCAC) definerer
ein grafisk organisator som "a visual and graphic display that depicts
the relationships between facts, terms, and/or ideas within a learning
task"
(Hall &
Strangman, 2004).
I denne definisjonen inngår "concept maps, story maps, advance diagrams, semantic maps, or
concept diagrams" (ibid.).
Bruk av grafiske
organisatorar i læringsarbeid kan utifrå denne tolkinga femna over eit
vidt område. For å kategorisera slikt læringsarbeid, kan me støtta oss
til David Hyerle (1996)
si klassifisering av arbeid med visuelle
kart. Han deler inn i tre kategoriar som heng saman med ulike føremål:
- Informal
representations, knytt til idémyldring og tankekart. I hovudsak
brukt til å støtta kreative assosiasjonsprosessar.
- Task specific maps or organizers, for å visualisera livssyklusar,
tekststrukturar, organisasjonsstrukturar o.l. Oftast knytt til spesifikt
innhald eller oppgåver.
- Thinking process maps, som t.d. konseptkart og systemtenkingskart.
Desse karta vert brukt for å visualisera innhald og relasjonar som
knyter innhaldet saman. Slike kart kan også innehalda tankeprosessar og
gi uttrykk for refleksjonar.
Visuelle evner (visual literacy)
knytt til IKT-baserte verktøy vert skildra som ein
av dei viktigaste
kompetansane i
det 21. århundre. Visualisering med IKT-verktøy kan gjera arbeid
enklare. Skisser som ikkje kan presenterast på eit flatt A-4-ark, kan
plasserast i eit skjermbilde. Skisser kan enkelt redigerast, flyttast og
overførast til medstudentar og andre medium. Ikkje minst gjer verktøya
oss i stand til å laga interaktive skisser og modellar.
Læringspotensiale
Bruk av tankekart er ein etablert metode knytt til læring. I staden for
å skriva ned alt førelesaren seier, kan studenten trekkja ut det
viktigaste i stikkordsform og organisera dette. Sentrale omgrep vert
utheva og kopla saman ved hjelp av teikningar, symbol og piler.
Ringom hevdar at med kjennskap til
denne metoden "og effektiv lesing, kan hvem som helst ta et akademisk
studium på maksimalt 50% av vanlig tid - og med bedre resultater. I
tillegg vil studiets innhold være lagret i langtidsminnet og kan derfor
benyttes positivt resten av livet" (Ringom, 1987, s. 10).
Ringom sine påstandar kan ikkje
karakteriserast som forsking, då resultata ikkje kan dokumenterast og
kontrollerast. Likevel er det fleire forskarar (Buzan,
1979; Jonassen et al., 1993;
Hyerle, 1996; Novak, 1998; Ruzic
& O'Connell, 2001; Hall &
Strangman, 2004) som kan presentera
resultat som viser omlag det same; at bruk av grafiske organisatorar
fremjar læring. Resultata er positive på tvers av fag, og elevar med
læringsvanskar kjem ofte godt ut om dei brukar slike læringsteknikkar
(Ruzic & O'Connell, 2001). Konseptkartet sin far,
Joseph D. Novak slår fast at
There
is a large body of research that shows that concept maps can be used to
facilitate meaningful learning more effectively than traditional
teaching approaches (Novak, 2003, s. 124).
Visuelle
tenkjarar
Er
du ein visuell
tenkjar? (Leonardo da Vinci skal ha vore det!) - Då er du oppteken
av farge, form, mønster og symbol. Mykje av tenkinga til barn i
2-7-årsalderen (Piaget sin pre-operasjonelle fase) er visuell. Det er i
denne tida at kognitive skjema vert utvikla. Å tenkja i bilde vert
ofte relatert til personar med dysleksi. Bilde-tenkjarar kan ha
vanskar med å lesa lineære tekstar.
Visuell tenking
vert kopla til ein av dei sju intelligensane til
Howard Gardner. Hans teori
om multi-intelligensar trekkjer fram at me alle er fødde med ulike typar
intelligensar. Korleis me brukar og utviklar desse er individuelt, og
vert også justert i ulik grad opp gjennom livet.
"Visuelt" lærande
har fordelar av å bruka bilde, diagram og kart for å forstå oppgåver. -
Nokre må sjå heilskapen før dei kan arbeida med og forstå detaljane. For
andre er det motsett.
Guttorm Hveem fekk
ei aha-oppleving då han fekk høve til å arbeida visuelt i eit IKT-basert
verktøy:
Våren 2004
oppdaga eg eit verkty som heiter MindManager, dette verktyet fann eg
raskt ut at passa mine læringsstilar. Verktyet gir brukaren ei
oversikt over dei ulike tema, titlar eller emna ein arbeider med.
Måten å organisera informasjonen treng ikkje vere linær, ein kan
kanskje samanlikna dette med hypertekst, men her får ein ei anna form
for lenker. Ein har oversikt over stoffet og kan raskt finna fram til
dit ein vil (Masterstudent Guttorm Hveem, 2005).
For Hveem var opplevinga så positiv at
han ville spreia erfaringa si:
Etter å ha
arbeida ein del i dette verktyet introduserte eg det til kjente. Etter
ei lita opplæring med ei med sterk dysleksi fekk eg ei interessant
tilbakemelding. Når ho arbeidde i dette verktyet klarte ho brått å
produsera elleve sider tekst på ein dag, mot to normalt. Denne
tilbakemeldinga, samt mine eigne erfaringar fekk meg til å undra over
bruk av denne typen verkty i læringsarbeid. Kvifor klarte ho brått å
produsera så mykje meir? Vart kunnskapen grunnare, medan oversikta
over emnet betre? Kan denne typen verkty passa alle typar lærande? I
kva fag eller samanhengar kan bruk av eit slik verkty ha noko for seg?
Eller i kva samanhengar er det bortkasta eller unødvendig å bruka eit
slikt vekty? Er det den einskilde sine læringsstrategiar som er
avgjerande? (ibid.)
Kunnskapsproduksjon, ikkje
reproduksjon
IKT-baserte grafiske organisatorar passar inn i Jonassen sin definisjon
og omtale av tenkjeverktøy (mindtools). Tenkjeverkty representerer ein
konstruktivistisk bruk av IKT. Den lærande må konseptualisera
organiseringa av innhaldet.
Korleis me konstruerer kunnskap er avhengig av kva kunnskap me har frå
før, noko som igjen er avhengig av erfaringane me har, korleis me har
organisert desse i strukturar, og kva me meiner om det me veit.
Korleis studenten prosesserar
erfaringane sine og gjer seg eigne "refleksjonar", er viktig. Det nyttar ikkje at
han/ho berre "erfarar" og "gjer" (jfr.
David Hyerle).
I følgje Jonassen, Carr og Yueh (1998)
bør teknologi som skal nyttast i læring vera verktøy for å konstruera
kunnskap, altså verktøy ein lærer med, ikkje frå. På denne måten vert dei
lærande designarar eller utviklarar, og datamaskinane verkar som
"Mindtools" for å forklara, tydeleggjera og organisera den personlege
kunnskapen.
Øvingsoppgåve
I øvingsoppgåva skal me gjera erfaringar med bruk av IKT-baserte
grafiske organisatorar. Ved HSH har me kjøpt inn eit avgrensa antal
lisensar til MindManager (installert på datalab M102 og Osahaugen).
Studentar som ikkje har høve til å bruka verktøyet på Stord eller
vil kjøpa det, kan bruka ein
21-dagars
prøveversjon.
- Studer tipsa til Guttorm om "korleis laga gode kart?"
og starttips (krev programmet installert)
knytt til MindManager.
- Bruk MindManager (el. liknande gratisverktøy t.d.
Freemind eller CMap,
begge krev Java-tillegg) til å få ein oversikt over eit faginnhald.
- Faginnhaldet kan t.d. vera pensumboka til Gilly Salmon (innhaldet i
denne vert tema i fleire komande leksjonar).
Andre ressursar
-
Bøker om ”hjernekart” i BIBSYS.
- BI-kurs i
Studieteknikk
-
FreeMind - free mind mapping software.
FreeMind is a premier free mind-mapping software written in Java. The
recent development has hopefully turned it into high productivity tool.
We are proud that the operation and navigation of FreeMind is faster
than that of MindManager because of one-click "fold / unfold" and
"follow link" operations.
-
Ressurs-side for
"graphic organizers".
- Ta ein kikk på ein
demo av BrainBank
- Guttorm Hveem sine
leksjonar i MindManager.
Kjelder
-
Buzan, T. (1979). Use both sides of Your Brain. Ed. Dutton.
New York.
-
Dunn,
R., & Dunn, K. (1993). Teaching secondary students through their
individual learning styles: Practical approaches for grades 7-12.
Boston, MA: Allyn & Bacon.
-
Dunn, R., Dunn, K., & Perrin, J. (1994). Teaching young children
through their individual learning styles: Practical approaches for
grades K-2. Boston, MA: Allyn & Bacon.
-
Hall, T. & Strangman, N. (2004). Graphic Organizers.
Tilgjengeleg:
http://www.cast.org/ncac/index.cfm?i=3015 [1.
mars 2005].
-
Hveem, G. (2005). Innspela er henta frå upubliserte utkast til Hveem
si komande mastergradsavhandling.
-
Hyerle, D. (1996). Visual Tools for constructing knowledge,
ASCD press. Alexandria, Virginia.
- IARE (2003).
Graphical organizers: A Review of Scientifically Based Research.
Tilgjengeleg:
http://www.inspiration.com/download/pdf/SBR_summary.pdf
[27. februar 2005].
- Jonassen, D.H. (2000)
Computers as Mindtools for Schools:
engaging critical thinking, 2nd Edn. Upper Saddle River:
Prentice Hall.
- Jonassen, D.,
Beissner, K., and Yacci, M. (1993). STRUCTURAL KNOWLEDGE.
Technique for Representing, Conveying, and Acquiring Structural
Knowledge. Lawrence Erlbaum Associates. Hillsdale, NJ.
- Jonassen, D.
H., Carr, C. & Yueh, H.-P. (1998). Computers as Mindtools for
Engaging Learners in Critical Thinking. Tilgjengeleg:
http://tiger.coe.missouri.edu/~jonassen/Mindtools.pdf [2. mars
2005]
- Kongsbakk, I. (2004).
Sømløs kunnskap : om bruk av emnekart,
ABM-utvikling, Oslo. Tilgjengeleg:
http://www.abm-utvikling.no/publisert/ABM-skrift/2004/emnekart.pdf
[25. februar 2005].
- Novak, J. D.
(1998). Learning, Creating, and using Knowledge. Concept Maps as
Facilitative Tools in Schools and Coorporations. Lawrence
Erlbaum Associates. Mahwah, NJ.
- Novak, J. D.
(2003).The Promise of New Ideas and New Technology
for Improving Teaching and Learning. I Cell Biology Education,
Vol. 2, 122–132, Summer 2003. American Society for Cell Biology.
Tilgjengeleg:
http://www.cellbioed.org/articles/vol2no2/article.cfm?ArticleID=59 [1.
mars 2005].
- Ringom, B. (1987)
Kreative hukommelseskart : (mind-maps),
Lillehammer.
-
Ruzic, R. & O'Connell, K. (2001). Concept Maps. Tilgjengeleg:
http://www.cast.org/ncac/ConceptMaps1669.cfm
[1.
mars 2005].
- Steigan, P. & Pepper, S. (2001).
En åpen, demokratisk nasjonal
kunnskapsbase. Tilgjengeleg:
http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article242930.ece
[25.
februar 2005].
- Vogt, Y.
(2002). Setter emnekart på dagsordenen. Tilgjengeleg:
http://www.computerworld.no/index.cfm?fuseaction=artikkel&id=F62EDE65-E382-5B2D-B56D15323D3645D4
[27. februar 2005].
Alle lenkjer til
eksterne nettstader var aktive då sida vart oppdatert
06.03.05.
[Til
toppen][Tilbake]
|