I fagplanen, under "Struktur, innhald og arbeidsformer" (side 3) står
følgjande:
Praksis der studentane nyttar IT til pedagogiske
oppgåver i skole eller barnehage høyrer med i båe 10-vekttalseiningane."
Under kvart hovudemne står det elles at: "Praksis knytt
til undervisning og opplæring i IT-bruk er obligatorisk. Praksis
skal vere godkjent før studenten går opp til eksamen.
Gjennomføring
Dei tre hovudemna som til saman utgjer første 10-vekttalseining
kan gjennomførast kvar for seg, t.d. ved å ta IT-11 (4 vekttal)
eitt semester, og IT-12 (4 vekttal) og IT-13 (2 vekttal) eit anna semester.
Sjølv om det står presisert under kvart hovudemne at praksis
er obligatorisk, er praksisen knytt til heile 10-vekttalseininga. Praksis
må altså vera gjennomført før ein går opp
til siste eksamen. Kandidatar som tar sikte på å avslutta
ei 10-vekttalseining i vårsemesteret 2003, må difor ha gjennomført
godkjent praksis innan 26.04.03. (NB!! Denne fristen
gjeld eksterne NVU-studentar. For interne studentar ved HSH gjeld andre
fristar.)
Korleis?
Praksis går føre seg partivis (til vanleg 3-4 studentar
pr. parti). Den enkelte studenten har sjølv ansvar for at han/ho
kjem med på eit parti. Det er ei spennande utfordring å danna
"virtuelle" praksisparti. Ta kontakt med medstudentar via Forum i Fronter,
eller direkte via studentoversikten.
Når partiet er etablert, skal det veljast ein leiar. Partiet v/leiar
finn sjølv fram til ein rettleiar,
og gjer avtale med han. Fagansvarleg
ved HSH skal godkjenna rettleiaren, og opprettar kontrakt med han. Rettleiaren
vert lønna etter faste satsar.
Partiet skal også skaffa utprøvingsarena.
Utprøvingsarenaen kan vera t.d. eigen eller "lånt" klasse.
Partiet utviklar så ein plan
for arbeidet i samarbeid med rettleiar og faglærar, og gjennomfører
opplegget på ein eller fleire utprøvingsarenaer.
Til slutt utarbeider partiet ein skriftleg rapport
som skal sendast til fagleg ansvarleg for kurset, jostein.tvedte@hsh.no.
For NVU-studentar er det også mogleg å gjennomføra
individuell praksis; t.d. i eigen klasse. Ta kontakt med fagansvarleg
dersom dette er aktuelt.
Praksis skal vera knytt til IKT-bruk i samband med "pedagogiske oppgåver
i skole eller barnehage". Det kan også vera aktuelt å gjenomføra
delar av praksis som t.d. eit etterutdanningkurs i IT-bruk for lærar-kolleger
i ein kommune eller på ein skole.
Kandidatane er sjølv ansvarlege for at praksis vert gjennomført
og
godkjent. Berre kandidatar som har fått godkjent praksis får
gå opp til siste eksamen.
Omfang
Praksis knytt til ei 10-vekttalseining skal ha eit omfang tilsvarande
1/30 studieår. Rundt rekna vil det tilsvara vel ei vekes arbeid.
Inkludert i arbeidet er førebuing, gjennomføring og rapportering.
Kor mange undervisningstimar dette tilsvarar kan variera innan ulike opplegg.
Omfanget vert vurdert og avtalt i samarbeid med rettleiar.
Fristar
Ta kontakt med jostein.tvedte@hsh.no
om korleis du tenkjer å gjennomføra praksis-komponenten. Melding
om godkjenning vert lagt ut i rimeleg tid etter innlevert rapport, eller
seinast innan 02.05.03.
Denne sida er sist oppdatert
28.02.03 av Jostein Tvedte
[Tilbake] |