Arbeidsmåtar

Leksjonar
Leksjonane vert lagde ut seinast fredagen i den veka som står på planen.

Øvingsoppgåver
Øvingsoppgåver er laga for individuell trening, og skal ikkje sendast inn.

Innsendingsoppgåver
Svar på innsendingsoppgåver må vera rettleiar i hende innan 14 dagar. Kven som er rettleiar for leksjonen står alltid på første side. Det kan vera ulike rettleiarar på dei ulike leksjonane. Etter svarfristen kan ein ikkje rekna med individuell rettleiing.

Innsendingsoppgåvene er ikkje obligatoriske, men sjølvsagt svært viktige for sjølvkontrollen av tileigna kunnskap, og for kontakten med rettleiar. Hugs å bruke korrekte namn på innsendingsoppgåvene: Først nummer på leksjonen (t.d. 01), så dei fire første bokstavane i etternamnet ditt (t.d. ANDE), så dei to første bokstavane i førenamnet (t.d. SV). Til slutt evt. fil-etternamn (t.d. .DOC eller .ZIP). Dersom Svein Andersland sender inn svar på innsendingsoppgåve 3, i t.d. Word-format, vil svarfila heita 03ANDESV.DOC.

Spørsmål
Spørsmål kan sjølvsagt rettast direkte til rettleiar (kven som er rettleiar for leksjonen står alltid på første side), men aller helst bør aktuelle, relevante spørsmål stillast i "klasserommet", altså på Fronter.  Då kan t.d. medstudentar også bidra med svar. Slik kan "det virtuelle klasserommet" bli ein god lærestad for alle kursdeltakarane.

Obligatorisk oppgåve
Skriftleg og elektronisk presentasjon av ei fordjuping innan eitt av delemna. Arbeidet må vere godkjent før framstelling til eksamen. Meir informasjon om det obligatoriske arbeidet kjem seinare.

Praksis
Praksis knytt til undervisning og opplæring i IT-bruk er obligatorisk. Praksis skal vere godkjent før siste eksamen er fullført i 1. 10-vekttalseining. Alle som tek sikte på å fullføra 1. 10-vekttalseining må i løpet av studietida gjennomføra eit praksisopplegg som er godkjent av rettleiar ved HSH. Slik praksis kan t.d. vera feltpraksis, eigenpraksis i i eigen klasse, opplæring av vaksne i IT-relaterte emne osv.. Ta kontakt med fagansvarleg (jostein.tvedte@hsh.no) dersom det er spørsmål om praksis.

 

Tilbake til IT i samfunn og arbeidsliv