
|
Velkommen til "Stadnamn på Malkenes!" Denne nettstaden er laga ut i frå materiale som er samla inn i to særoppgåver som me har vore så heldige å få tilgang til. Den eine er skriven av Nina Malkenes i 1978, medan den andre vart laga av Kira Kartevold i 1992. Me vil takka desse to for at dei har gjeve oss løyve til å bruka dette materialet slik at det vert tilgjengeleg for alle interesserte. Mange av dei gamle stadnamna har allereie begynt å gå i gløymeboka. Det er for det meste dei eldre generasjonane som brukar namna, og då er det stor fare for at dei kjem til å forsvinna etter kvart som dei gamle døyr. Dette står innleiingsvis i oppgåva frå 1978, og no etter 27 år er dette vorten ein realitet. Dei fleste av kjeldene er gått bort, fleire av gardane er ikkje lenger i drift, og mykje av kulturlandskapet er i ferd me å gro att. Dei lokale namna er ikkje lenger i dagleg bruk, og dermed er dei i ferd med å forsvinna. Tanken er at denne nettstaden skal hjelpe til å ta vare på desse gamle namna. Om du klikker på dei ulike stadnamna i menyen til venstre, vil du kunne lese om staden, sjå bilete og kart, og høyre korleis stadnamnet skal uttalast. Du kan og sjå ein videopresentasjon av nokre av stadnamna på Malkenes (20 MB)
|
![]() |
|
|
Laga av John Are Malkenes og Tommy Kvarsvik. Sist oppdatert 23.11.2005 |
||